«Fakstind» (motorkutter 1917)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Fakstind» frå Ibestad ved hamn i Kristiansund under storsildfisket i 1921. Andre person frå venstre er Thomas Fugelsnes; lengst til høgre (over personen i luka) ser vi Hans T. Gimnes.

«Fakstind» var ein motorkutter som vart bygd i Rosendal i 1917 og levert til partsrederiet Alfred Espejord i Hamnvik i Ibestad. I løpet av åra vart «Fakstind» vidareselt tre gonger. I 1941 vart han forlenga til 84,3 engelske fot. Den 8. desember 1962 sprang «Fakstind» lekk etter eit kraftig uvêr, og han sokk på Tromsøflaket.

Bygging, mål og kjenneteikn

Motorkutteren «Fakstind» vart kravellbygd i tre av Gjert Eidsvik i Rosendal i Sunnhordland i 1917. «Fakstind» hadde ein tosylinders Avance PM motor på 60 bHK frå J.V. Svenssons Motorfabrik i Stockholm, og han var bygd og takla som kutter. Kjenningsmåla i engelske fot var 65,5 (lengd), 18,5 (breidd) og 7,5 (djupn). Drektigheita var 46 brutto registertonn] og 16 netto. Kjenningsbokstavane var L.F.X.Q. og registreringsnummeret var T-46-D (endra til T-88-TD i 1928).

I 1941 eller 1948 (?) vart «Fakstind» forlenga til 84,3 engelske fot med ny breidd 19,8 og ny djupn 9,0. Drektigheita var no 91 brt. Det vart innsett ny motor, ein 120 bHK Union RM.

Eigarhistorie

«Fakstind» i Vesterisen i 1955/56.
Foto: ukjent/Midt-Troms Museum

Første eigaren av «Fakstind» var partsrederiet Alfred Espejord (Lina Espejord) i Hamnvik i Ibestad. I 1928 selte dei «Fakstind» til Paul Andreassen i Tromsdalen i Tromsø. Han selte «Fakstind» vidare i 1941.

Kjøparen i 1941, partsrederiet Waldemar Pedersen i Lyfjord i Tromsø, bygde om båten (sjå ovanfor). I 1957 selte dei «Fakstind» til partsrederiet V. Pedersen i Skulsfjord i Tromsø. Dei var eigarane da «Fakstind» sprang lekk etter eit kraftig uvêr under linefiskeTromsøflaket og sokk der laurdagen den 8. desember 1962.

Mannskap og bruk

«Fakstind» var bygd som ishavsskute, men vart i praksis bruka i ulike samanhengar, inkludert til snurpenotfiske og selfangst.

Kjelder

  • «Norske skipsforlis i 1962» på Skipet.no

Lenkjer

  • Landskap, Florø 1952-1956 - Snurparen m/k "Fakstind" (T-88-TD) frå Tromsøsund kommune (Tromsø) håvar sild frå eit kast på feltet utanfor Florø. Mannskap ombord i tre doriar arbeider med å tørke opp nota slik at silda kan håvast ombord, ein fjerde dory ligg og ved nota.
  • Landskap, Florø 1950-1958 - Snurparen m/k "Fakstind" (T-88-TD) frå Tromsøysund kommune (Tromsø) kjem fullasta inn til Florø for å melde inn ein fangst vintersild.