Snurpenot
Snurpenot Snurpenota var ei fiskenot viareutvikla frå kastenota og landnota. Snurpenøtene har i motsetning til eit garn mykje tettare mausker der fangsten vert stengt inne. I motsetning til garn der fisken heng fast i garnmauskene. Snurpenøtene vart brukt til å fange pelagisk fisk, og vart kasta frå båtar som kunne følge etter fisk som gjekk i stim som sild, og makrell. Nøtene som kunne snurpast saman til ein pose der fisken vart fanga. I vassflata flaut nota på korker av spansk eik og i botn hadde nota blysøkjer slik at den stod vertikalt i sjøen. Når nota vart kasta rundt fiskestimen frå doryar vart den snurpa tett saman i botn og på toppen til ein sekk rundt fiskestimen som vart dradd med vinsjer inn til snurpebåren der den vart håva ombord og ned i lasterommet. Bruken av snurpenot tok til i USA på slutten av 1800 talet. I Noreg starte Spilkevig's snøre- not- & garnfabrik produksjon av notlin rundt 1900 med maskiner. Desse notlina vart so lissa saman til ei bua ringnot og rigga til med flytekork på toppen og blysøkkjer i botn og med kabeltau som kunne trekkje nota saman til ein pose i botn. Notgarna eller notlinet vart laga av bommulstråd og måtte difor settast inn med væske utvunne frå bark slik at den ikkje rotna. Likevel måtte nota hengast opp i notheng for å tørke når den ikkje var i bruk eller skulle reparerast. Ein landindustri oppstod dermed i dei rike sildeåra etter andre verdskrigen.