Spilkevig's snøre- not- & garnfabrik
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
A/S Spilkevig's snøre- not- & garnfabrik var ein garn og notfabrikk i Spjelkavik som vart starta i 1894 av Hans P. Mittet og Edvard Liljedahl. Fabrikken var den første industribedrifta i Spjelkavika og baserte seg på elvekraft frå Spjelkavikelva, slik som mange andre garn og snøre- fabrikkar. Kraft til produksjonen kom først frå vasshjul og litt seinare frå ein Francisturbin på 12 hestekrefter. Fabrikken bygde sine eigne tvinne og snøremaskiner, og H.P Mittet hadde fleire eigne patentar på slike maskiner.
Edvar Liljedal som var eigar av Spjelkavikgarden hadde rettane til Spjelkavikelva og oppdemningsrett for Brusdalsvatnet og fabrikken var dermed sikra tilførsel av elvkraft til drift av turbin.
H.P Mittet budde i Ålesund og bedrifta sitt hovudkontor vart liggande i Ålesund by, der Mittet kjøpte Kongens gate 13 etter bybrannen.
I starten var det produksjon av snører og liner til fiskeflåten som på denne tida var i sterk vekst. Etter nokre år vart drifta utvida og det vart bygd barkeri og notheng i fjøra ved Åsefjorden i 1909.
Bedrifta vaks jamnt fram til etter andre verdskrig, fram til dei gode sildeåra mellom 1950 og 1957. Likevel var fabrikken var seint ute med produksjon av nylonreiskap, og først i 1960 vart det kjøpt inn nye garnbindemaskiner for produksjon av ringnot. Samstundes vart nothenget ved sjøen modernisert og bøteri og monteringsannlegg vart bygd i nytt lokale ved sjøbua. Produksjonen vart og sterkt utvida då alle maskinene til Christiania Seildugsfabrikk vart overtatt.
I 1982 vart fabrikken kjøpt opp av Hildre fiskevegn
Kjelder og litteratur
- A/S Spilkevig's snøre- not- & garnfabrik. Utg. [Bedriften]. Ålesund. 1944. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Øvrelid, Ragnar: A/S Spilkevig's snøre- not- & garnfabrikk 1894-1969 Oria
Koordinater: 62.4622353° N 6.362967° Ø
|