Spjelkavik

Spjelkavik er ei bygd i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Spjelkavika ligg i kommunedelen Spjelkavik, Åse og Lerstad, og sjølve Spjelkavikområdet hadde hadde 7 035 innbyggarar i 2025 og har dermed nesten dobla folketalet frå årtusenskiftet då det budde 4 514 . Spjelkavik ligg om lag 10 km fra Ålesund sentrum. Spjelkavik er også ein del av Ålesund (tettstad).

I skulekretsen og bygda Spjelkavik ligg delområda Moa, Fremmerholen, Olsvika, Vasstranda, Remvika, Spjelkavikneset, Holen, Langhaugen, Gjerdet, Aspehaugen, Nybø og Rødset, Breivika og Nedregard.

Sentralt i Spjelkavik ligg Kanalen, Gamleelva (Spjelkavikelva, Spjalkandr-elv) og Lillevannet. Drikkevasskjelda for fleire kommuner Brusdalsvannet ligg delvis i Spjelkavik .

Spjelkavik høyrde til Borgund sokn og frå 1837 Borgund kommune.

Bygda vaks fram frå matrikkelgardane Spjelkavik, Spjelkavikgjerdet, Spjelkavikneset og Nedregard. Etter 1870 kom det industrien att med Spjelkavikelva, og etter 1920 auka industrien og folketalet sterkt og ein bygdeby vaks fram.

Spjelkavika har alltid vore eit viktig kommunikasjonspunkt, der den ligg i enden av Borgundfjorden med ferdselsveg austover mot Ørskog og Romsdalen og sørover mot Storfjorden mot båe Sykkylven og Ørsta og frå Spjelkavika gjekk det tidleg veg ut til Ålesund.

I 1938 fekk bygningskommunen utarbeid eigen reguleringsplan utarbeidd av Sverre Pedersen. Denne planen tok hensyn til at ei mogleg jarnbane måtte komme til å gå gjennom bygda ut til Ålesund og det vart satt av areal til flyplass på Moa.

I 1940 var Spjelkavika saman med Langevåg dei største bygdene i Borgund kommune med ein variert industri som omfatta notbøteri garn og tau-fabrikk, skofabrikk, møbelfabrikkar og ein barnevognfabrikk.

Bygda hadde ikkje eiga kyrkje før kyrkja på Moa vart bygd i 1987. Spjelkavika høyrde til Borgund kyrkje. Spjelkavik prestegjeld vart likevel oppretta 28. januar 1977 med ein residerande kapellan.[1]

Fotnoter

Kjelder og litteratur

Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Koordinater: 62.46026° N 6.36203° Ø