Spjelkavik kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Spjelkavik kyrkje
Stad: Moa
Byggeår: 1987
Bispedøme: Møre
Prestegjeld: Spjelkavik
Fellesråd: Ålesund
Sokn: Spjelkavik
Arkitekt: Alf Apalseth
Materiale: Betong og teglstein
Sitteplassar: 500

Spjelkavik kyrkje ligg på Moa i Ålesund kommune og vart vigsla i 1987. Arkitekten var Alf Apalseth, og det er ei sekskanta kyrkje oppført i betong med forblending av teglstein. Kyrkja har 500 sitjeplassar. Spjelkavik kyrkjelyd har omlag 17500 medlemmer og er dermed landets største. Kyrkja høyrde til Spjelkavik prestegjeld.

Innreiing

Kyrkja har glasmåleri med 96 ruter av kunstnaren Håkon Bleken. Rutene omkransar det sekskanta kyrkjerommet og viser første delen av Jesus liv, påskeveka, dei første forteljingane i det gamle testamentet, Israel sin historie, pinsa og akopalypsen. Glasmåleria vart utarbeide mellom 2002 og 2009. Over alteret heng skulpturen det nye Jerusalem av Tore Bjørn Skjølsvik, han har og utført eit par andre bronseskulpturar i kyrkjerommet.

Utvendes

Moa urnelund ligg ved kyrkja. Det er og reist eit minnesmerke for 22 juli-ofra og ei byste av diktaren Arnold Eidslott

Kjelder