Møre bispedømme

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Møre bispedøme)
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre bispedømme vart oppretta 18. september 1983Sunnmøre vart overført frå Bjørgvin bispedømme, og Nordmøre og Romsdal frå Nidaros bispedømme. Molde med Molde domkyrkje er bispesete. Geografisk samsvarar bispedømmets grenser med grensene til fylket Møre og Romsdal. At førstnemnde trass i det heter «Møre» kjem av eit kompromiss der Sunnmøre, med om lag halvparten av innbyggarane, aksepterte at bispesetet vart lagt til Molde framfor Ålesund, mot at Romsdal ikkje vart med i namnet.

Tanken om å oppretta eit eige bispedøme for Møre og Romsdal stammar frå 1960-åra, og i 1975 kom eit framlegg frå Stat-kyrkje-utvalet. Stortingmelding nr. 40 (1980-81) foreslo to fylke inn i det nye bispedømmet, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Men då Stortinget hadde behandla saka vart bare Møre og Romsdal skild ut. 18. september 1983 vigsla Andreas Aarflot den fyrste biskopen av Møre, Ole Nordhaug.

Biskoper i Møre

Prostier

Pr. januar 2013 har Møre bispedømme følgjande prosti:

Under desse prostia ligg 97 sokn med til saman rett under 120 kyrkjer i ordinær bruk og sju freda kyrkjer frå mellomalderen.

Kjelder