Molde domkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Molde domkyrkje
Moldedomkirke.jpg
Foto: Christian M. Berg (2006).
Stad: Molde
Byggeår: 1957
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Møre
Prosti: Molde domprosti
Prestegjeld: Molde domkirke
Fellesråd: Molde
Sokn: Molde domkyrkje
Arkitekt: Finn Bryn
Teknikk: Mur
Materiale: Betong
Støpul: 50 m høgt, med klokkespel
Skip: Toskipa
Preikestol: Av John Schevik.
Altartavle: «Oppstandelsen» av Axel Enders
Sitteplassar: 900

Molde domkyrkje er domkyrkje for Møre bispedøme. Kyrkja vart innvigd i 1957, og var då soknekyrkje for Molde prestegjeld. Då Møre bispedøme vart oppretta i 1983, dels frå Bjørgvin og dels frå Nidaros, vart kyrkja gjort til domkyrkje.

Det er den fjerde kyrkja på denne staden; det vil seie, dei tre tidlegare kyrkjene sto litt lenger nord. Den første kyrkja, 1600-talskyrkja, vart reist i 1661–1662 og vart reven kring 1840. Den neste, den fyrste 1800-talskyrkja, stod ferdig i 1842. Den 17. mai 1885 brann ho ned. Det var truleg ikkje tilfeldig at det var nett på grunnlovsdagen det hende, for det skal ha vore eit uheldig skot med ein saluttkanon som starta brannen. Ei ny langkyrkje stod ferdig i 1887, men gjekk med under bombinga av Molde 1940.

Altertavla, «Oppstandelsen» av Axel Enders, og eit trekors var det einaste som vart redda ut av gamlekyrkja i 1940, og dei er i domkyrkja no. Kort tid etter krigen vart det utlyst ein arkitektkonkurranse, som Finn Brynn vann. Det tok tid før ein hadde ressursar til å byrje bygginga, men den 18. juni 1953 vart grunnsteinen nedlagd, og den 8. desember 1957 kunne kyrkja ein endeleg innvie kyrkja.

I 1999 fekk domkyrkja nytt orgel frå tyske Rieger Orgelbau. Det gamle hadde ein lenge tenkt på å bytte ut, og då det svikta under ei gravferd i 1994 måtte ein gjere noko. Det gamle orgelet var frå Vestre orgel- og pianofabrikker.

Klokketårnet er ein frittståande støpul. Det er femti meter høgt, og har eit klokkespel med 26 klokker.

Galleri

Litteratur

Koordinater: 62.73828° N 7.16040° Ø