Moa (Ålesund)
Moa er eit næringsområde i Ålesund kommune. Området ligg i Spjelkavik, om lag ei mil aust for Ålesund sentrum. Den dominerande verksemda her er Amfi Moa, det fjerde største kjøpesenteret i Noreg.
Navnet Moa kjem av ordet mo som kjem frå norrønt mo'r, på Nordre Sunnmøre er mo eit hokjønnsord og a-endinga er truleg ei hojønnsform av bestemt form eintall. Ordet mór beskriv ei opne, flate sletter.
Historikk
Garden Moa, vart dyrka opp då Ålesund kommune kjøpte tidleg flatene i felesutmarka til Åse, Furmyr og Nedregard på 1900-tallet. På den 200 mål store området dreiv byborgarane med matauk under første verdskrigen, og ei stund vart arbeidslause sett til nødsarbeid her. Jordene på Moa vart gjødsla med innhaldet i tønnene frå utedoane i byen. Etterkvart vart Moa til ein stor gard med, etter 1950 med store mjølkeleveranser til Sunnmøre meieri. Garden var hele tia driven av forpaktarar, og eigd av Ålesund kommune. Garden vart aldri skyldsett som matrikkelgard.
På 1930-talet vart det diskutert om det skulle byggast flyplass for Sunnmøre her. Valet sto mellom Vigra (som seinare vart vald) og Moa. Den 14. desember 1933 sto det i avisa Møre at «Kaptein Riiser-Larsen er i Ålesund i desse dagar, og ser på dei påtenkte fjukeplassar, både på Vigra og Moa i Spjelkaviki. Båe stader er det godt høve til utbygging, men Moa hev den store fyremun at det er landfast. Det vil no verta kartlegging og utrekningar, for å få på det reine ogso den økonomiske sida ved saki.»[1]
Etter andre verdenskrig var det to industriverksemder i Moa-området, nemlig Stokke fabrikker og Spjelkavik skofabrikk. I 1970 vart også resten av Moa omregulert til næringsføremål. Det fyrste varehuset i området opna i 1972, og seinare kom Moa Butikksenter (1983), Moa Syd (1991) og Moagård (1995). Desse sentra vart i 2000-åra samanbygde til eitt stort varehus, Amfi Moa.
Verksemder
- Moa vinmonopol, opna 1999.
Referansar
- ↑ Møre, 14. desember 1933. Digital versjon på Nettbiblioteket.