Buldo (Tysnes)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Selet Buldo på Tysnes i Sunnhordland. Setra vart nytta av medlemmar frå sabotasjegruppa Saborg i Bergen under krigen, truleg frå 1944. (Foto kopiert med løyve frå John Borgen).

Selet BuldoTysnes i Sunnhordland vart nytta av medlemmar frå sabotasjegruppa Saborg/Bergen under krigen, truleg frå 1944.

Godt skjult bak nokre høge grantre ovanom Dalen i Uggdal, på veg mot Ilefjellet, ligg det vesle selet Buldo. Slik var det ikkje under krigen, då var det heilt nake i fjellet og selet var godt synleg. Under krigen låg det stadig motstandsfollk i skjul her oppe, ufatteleg nok utan at korkje tyskerane eller bygdafolk visste noko om det. Attpåtil dreiv dei med våpentrening i det opne lendet og skaut med pistol og stengun. Det var ingen som høyrde det heller. Eller dei som eventuelt merka noko visste å tia stilt.

Det var motstandsgruppa Saborg/Bergen som nytta Buldo som fast skjulestad. Korleis det kom i stand er ei historie som handlar om tiltru og tillit. I 1999 følgde lokalhistorikar Knut Rage Saborg-mannen Thorolf Sæhle tilbake på gamle trakter. Femti år var gått sidan han sist hadde vore på Buldo. Korleis kom eigentleg Tysnes og Buldo inn i biletet?

Behov for ein skjulestad

Saborg (ei forkorting for “Sabotasjeorganisasjon”) var på mange måtar den "hardaste mellom dei harde" når det galdt fysiske aksjonar mot okkupasjonsmakta i Bergensområdet. Når tyskarane var på sporet, var den vanlege mann og kvinne i dei tusen heimar svært viktige. Det hadde seg kort og godt slik at ein bekmørk og regntung haustkveld, berre kort tid før det første store bombeangrepet på Laksevåg 4. oktober 1944 fann stad, var Sæhle si Saborg-gruppe, som vart leia av seinare kommandørkaptein Bjørn Gjellereide, kalla inn til eit instruksjonsmøte i eit husvere i Lien, på Damsgård i Bergen.

Willy Valentinsen, som seinare vart skoten av tyskarane etter eit attentatforsøk i Bergen mot ein norsk nazist, var instruktør. Ei tid før dette møtet hadde Sæhle og Valentinsen snakka saman om Saborg sin akutte trong for meir våpen. Sæhle hadde fortald at han hadde to Krag-børser heime som han var villig til å overlata til Saborg. Men ikkje berre det, han hadde også nemnd at han hadde ein kontakt på Tysnes som kanskje kunne skaffa dei våpen. Då kom det fram at Valentinsen hadde ordna med ein dekkstad på Tysnes, setra Buldo eit stykke nord for Dalen. Det var eit underleg samantreff, ettersom Sæhle var i slekt med han som eigde selet, Anders Rolse på garden Rolse i Uggdal. Valentinsen og Sæhle vart raskt samde om at dersom Sæhle kom i vanskar, så kunne han ta kontakt med Valentinsen der, om det høvde.

- At Willy og eg skulle koma til å snakka om den same setra denne haustkvelden i 1944, står for meg som eit utruleg samantreff. Det var tusenvis av setrar å velja mellom på Vestlandet den gongen, fortalde Sæhle i 1999. - Sommaren 1945 spurde eg Anders Rolse om dette som hadde skjedd i Uggdal året før. Han fortalde at han hadde fått besøk av to ungdommar frå Bergen. Det verka som dei hadde nærast blind tiltru til han, for dei sa rett ut at dei tilhøyrde ein sabotasjeorganisasjon som kjempa mot tyskarane. Dei unge mennene spurde Anders Rolse om å få låna Buldo og bruka selet som dekkstad, og Anders gav dei sitt samtykke - eit “stilltiende samtykke.” [1]

Gode hjelpesmenn

Det vart sagt at ein kjenning av Rolse, som skal ha vore med i Milorg, åtvara han mot å ha noko med Saborg å gjera. Det ville medføra ein stor fare for familien om tyskarane slo til mot desse motstandskjemparane. Anders Rolse var 72 år gammal i 1944. Han klaga over at han var for gammal til å vera med i motstandskampen. Anders Rolse visste at dei som hjelpte motstandsfolka vart ekstra hardt straffa av tyskarane Det var rein og skjær kampglød som fekk han til å slutta så heilhjarta opp om gutane. Det var kampen for fedrelandet det galdt, først og fremst, så kjenningen makta ikkje å få han til å skifta meining.

Ein annan god hjelpesmann var læraren Magnus Færavaag, som tok imot og husa sabotørane og følgde dei opp til Rolse og vidare til Buldo. Dei pla seia at når det smalt i Bergen, så sat sabotørane på kjøkenet i Færavåg morgonen etter.

Willy Valentinsen var ganske sikkert den eine av dei to unge mennene som kom til Rolse dette året. Men kven var den andre? Det er kanskje ikkje så underleg om ein tippar på at han var identisk med Reidar Olsen, som var underleiar - som det heitte - for terrorgruppa. Olsen var smed og arbeidde som reparatør ved sporvegen. Far hans kom frå GjøvågTysnes, så det er mogleg at det var Reidar Olsen som kjende til Buldo og dei gode tilhøva for å liggja i skjul der. Reidar Olsen vart seinare slegen i hel under avhør på det mest grufulle vis.

Ei anna sak var at han som lokalkjend hadde eit godt kjennskap til bygdefolket sitt nasjonale sinnelag (mellom andre Magnus Færavaag). Saborg i Laksevåg opererte først og fremst i Bergensregionen, og hadde fleire dekkstader ute i distrikta. Men at ein såpass fjern stad som Buldo vart vald, hadde nok kanskje med å gjera at Tysnes låg på reiseruta til Willy Valentinsen når han skulle tur-retur Odda og Tyssedal for å læra opp Saborg-grupper i sabotasjeteknikk der.

I dag ligg selet som ein fredeleg plett i ei uroleg verd. Eit par entusiastar har nyleg reparert bygningen og sett selet i stand att. Det er sett opp skilt som viser vegen dit.

Referansar

  1. Intervjua i samband med artikkelserien "Gutane på Buldo" i bladet Tysnes, 1999.

Kjelder og litteratur

  • Ole Jacob Abraham: Saborg. "Også vi, når det blir krevet", likvidasjoner og sabotasje i Bergen og Stavanger 1943-1945. Kapabel forlag, 2015.
  • Borgersrud og Inge Bjørnar Eriksen: Sabotører i vest . Sabotasjeorganisasjonen på Vestlandet 1940-1945. Bodoni, 2015.
  • Knut Rage: Gutane på Buldo - og menneska som hjelpte dei. Artikkelserie i fire delar. Bladet Tysnes 1998-1999.