Ru

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brita Teigland frå Tysnes i Sunnhordland med mjølskalkar til sauene. Legg merke til at dei er klypte snaue framme. Biletet er teke om våren, men vart først framkalla august 1956. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Ru, eller ruv, er eit gammalt uttrykk for den ulla som blir klyppa eller plukka av sauene om våren, dvs. vinterull eller vårull. Denne ulla vart vanlegvis nytta til innslag og ikkje til renning. Ordet finn ein særleg brukt på Vestlandet, men også tidlegare på Sørlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg. Av dette kjem så verbet å "rua", som då betyr å klyppa sauene. Begrepet vart spøkefullt overført til klypping av eit bustehovud. Ein finn det att i vendingar som t.d. "ruskolt", ein langhåra og uflidd person, eller ein "runakke", ein uvøren mannsperson. På Voss nyttar eldre folk framleis uttrykket "å rua seg" når dei skal klyppa håret.

Kjelder og litteratur

  • Norsk Historisk Leksikon, 2.utg. 1999
  • Heggland, Johannes: Tysnesmålet. Tysnes sogelag, 2007
  • John Arne Hauge Hansen (informant)
  • Olav Skjellevik (informant)