Forside:Sveio kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Voss • Hardanger
Etne • Sveio • Bømlo • Stord • Fitjar • Tysnes • Kvinnherad

Om Sveio kommune
1216 Sveio komm.png
Sveio kommune ligg på ei halvøy sør i Hordaland. Kommunen grensar til Haugesund og Tysvær i sør, Bømlo i vest, Stord i nord og Vindafjord i aust. Det er berre i sør kommunen har fastlandsgrense; i dei andre retningane ligg Bømlafjorden, Hardangerfjorden og Ålfjorden.

Administrasjonssenteret er tettstaden Sveio. Det er ein annen tettstad i kommunen, Førde.

Jordbruket i kommunen er prega av husdyrhald, med storfe, sau og høns. Fiskeoppdrett har vorte ein viktig næringsveg. I industrien finn ein små bedriftar, særlig verkstads- og tekstilindustri og fiskeforedling.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Sigmund Ove Førde (født 23. mars 1915 i Vikebygd, død 12. april 2015) var bonde og generalmajor.

Han tok befalsskolen i Artilleriet i 1937. Under andre verdenskrig var Førde elev ved Krigsskolen. Etter at de norske styrkene kapitulerte, tjenestegjorde Førde i England, blant annet som bataljonssjef. Vinteren 1944/45 leda han et kompani i Finnmark som var med på frigjøringa av fylket. 19. oktober 1945 ble han tildelt St. Olav-medaljen for «personlig innsats for Norge under krigen».

I 1955 ble Førde utnevnt til oberstløytnant, og året etter drog han til Bonn som norsk forsvarsattache. Seinere var han blant annet stabssjef ved Luftkommando Nord-Norge (fra 1960) og sjef for Luftforsvarets stab (fra 1964). I 1971 ble han sjef for den norske militærmisjonen ved NATOs hovedkvarter i Brussel.   Les mer …

Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpoltikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

Ryvarden fyrstasjon i Sveio kommune ligg på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og Sletta sørover. Ein smal grusveg svingar seg 2 km utover frå den gamle handelstaden Mølstrevåg og byr på skiftande natur, frå særprega kulturlandskap, gamle steinmurar, eit rikt planteliv til forblåste lyngrabbar. På denne vegen er det normalt kjøreforbod, men det kan gis dispensasjon for kjøring heilt ut. Etter at Ryvarden fyrstasjon vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane på fyret i Sveio lengst sør i Hordaland fått nytt liv som kultursenteret Galleri Ryvarden, eller som det også vert kalla - Ryvarden kulturfyr.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Sveio kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Sveio kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar