Anna og Ingebrigt Bøe fotografert omkring 1900, saman med sine born. Frå v. Olav Martin (1873-1935), Anna Josefine f. Ødegaard (1876-1939, gift med Olav Martin), Ingolf (1881-1957), Sigurd Olav (1874-1954), Anna Berentine (1877-1954). Framme Magnus (1884-1961), Ingebrigt med hustru Anna f. Olsdatter Hole, og Gunnar (f. 1888). Foto i privat eige.
Ingebrigt Bøe (1850-1944) var treskjerar, snekkar og byggmeister i Bergen, og blir i dag særleg hugsa for det omfattande utskjæringsarbeidet i Ole Bull sin praktvilla på Lysøen i dåverande Hordaland, og for preikestolen i Årstad kirke. Ingebrigt Bøe vart ført inn som «uægte» i kyrkjeboka for Manger, der han vart fødd. Til grunn for notatet låg ein familietragedie. Faren hans, Sjur Bø, var sjølveigande gardbrukar og sat etter måten godt i det. I 1849 vart han enkjemann for andre gong og åleine med si 24 år gamle stedotter, Christi Olsdatter (1826-1917). Ho vart gravid og fødde Ingebrigt. Les mer …
Holdhus kyrkje i Hålandsdalen i tidlegare Fusa kommune slik kyrkjebygget framstår i dag. Kyrkja har ei bruks- og bygningshistorie tilbake til 1300-talet. (2014)
Holdhus kyrkje ligg i gardklyngja Holdhus i Hålandsdalen, Bjørnafjorden kommune i Midthordland. Kyrkja er nemnd i eit dokument frå 1306, og sidan omtala som soknekyrkje i Bjørgvin kalvskinn omlag 1350. Etter det finst det ingen skriftlege nedteikningar før 1600-talet, gjennom rekneskaper og synfaringar i perioden 1618 - 1722, og frå yngre kjelder. Før 1900 vart kyrkja kalla Haalandsdalen kyrkje. Utetter 1800-talet vart kyrkja for lita for den aukande folkemengda, samstundes som manglande vedikehald og trong for ny kyrkjegard gjorde at kyrkja gjekk or bruk på 1880-talet, då det vart bygd ei ny kyrkje på den meir sentrale staden Eide i Hålandsdalen i 1890. Det vart bestemt at Holdhus kyrkje skulle rivast, men i staden vart ho overteken av Fortidsminneforeningen i 1900. Les mer …
Hovedbygget på Askviknes barnehjem Foto: Fra boka De hjemløse: et sosialt problem i et kristelig lys Askviknes barnehjem ble opprettet i Os i Hordaland 27. juni 1900 av Foreningen til Modarbeidelse af Omstreifervæsenet som fra 1935 het Norsk misjon blant hjemløse (1897–1989). Barnehjemmet var i drift fram til 1953. Dette var det første barnehjemmet etablert av «Omstreifermisjonen».
Det skulle være plass til 25 barn på Askviknes, og opptaksalderen var under 4 år. Ved folketellinga i 1900, samme året som barnehjemmet ble opprettet, finner man oppført 17 barn mellom to og åtte år på Askviknes, i tillegg til en tjenestegutt, to barnepiker, en lærerinne, to diakonisser og ei kokke. Generalsekretæren i Omstreifermisjonen, Jakob Walnum, var også registrert som til stede ved barnehjemmet under denne folketellinga. Les mer …
|