Georg Døderlein Greve (1808-1879)
Georg Døderlein Greve, fødd 13. august 1808 i Hamre i Osterøy[1], død 7. juli 1879 i Bergen, var prest.
Greve var sønn av Jan Arent Greve (1775-1840) og Magdalena Margrethe, f. Fritzner (1771-1847). Han vart gift med Ulrikke Olava Greve, fødd Olsen. Dei hadde seks barn, mellom dei dattera Ulrikke.
Han vart cand.theol. i 1831, og var frå 1833 personleg kapellan i Tysnes prestegjeld. Frå 1842 til 1850 var han sokneprest i Nesna, frå 1845 også prost i Nord-Helgeland prosti.[2] Lokalhistorikaren Øyvind Jenssen skriv at Greve «skildres som en lærd mann, men noe svakelig, og han led av en brystsjukdom.» Han skildrar han og som ein «typisk opplysningsprest» som i liten grad klarte å engasjera folk kjenslemesssig.
I 1850 vart Greve sokneprest i Os prestegjeld kor han gjorde teneste til 1873. Nils Tveit siterast i jubileumsskriftet for Os kirke på at Greve «var den siste presten i Os av den gamle skulen, av dei som heldt på at presten skulle råda i bygdi og stødt syna at han stod høgt over vanlege bygdefolk».[3]. Greve var og ordførar i Os kommune.
Kjelder
- Jenssen, Øyvind. Nesna bygdebok. Utg. Nesna kommune. Nesna. 1998. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Os kyrkje 125 år. Utg. I samarbeid med Nord 4. Os. 1995. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ous prestegjeld. Utg. (M.K. Olsen, Os pr. Bergen). Bergen. 1937. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Georg Døderlein Greve i Historisk befolkningsregister
- Bie, Marcus. Oplysninger om Norges Geistlighed siden 1814. Utg. Th. Steens Forlags-Expedition. Kristiania. 1885. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referanser
- ↑ Jenssen skriv at Greve var frå Hamarøy, det er feil, jfr Georg Døderlein Greve i Ministerialbok for Hamre prestegjeld 1805-1815 fra Digitalarkivet
- ↑ Bie 1885, s.8
- ↑ Os kyrkje 125 år, s.21
Artikkelen Georg Døderlein Greve (1808-1879) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |