Holdhus kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holdhus kyrkje i Hålandsdalen i tidlegare Fusa kommune slik kyrkjebygget framstår i dag. Kyrkja har ei bruks- og bygningshistorie tilbake til 1300-talet.
Foto: Knut Rage (2014).

Holdhus kyrkje ligg i gardklyngja Holdhus i Hålandsdalen, Bjørnafjorden kommune i Midthordland. Kyrkja er nemnd i eit dokument frå 1306, og sidan omtala som soknekyrkje i Bjørgvin kalvskinn omlag 1350. Etter det finst det ingen skriftlege nedteikningar før 1600-talet, gjennom rekneskaper og synfaringar i perioden 1618 - 1722, og frå yngre kjelder. Før 1900 vart kyrkja kalla Haalandsdalen kyrkje. Utetter 1800-talet vart kyrkja for lita for den aukande folkemengda, samstundes som manglande vedikehald og trong for ny kyrkjegard gjorde at kyrkja gjekk or bruk på 1880-talet, då det vart bygd ei ny kyrkje på den meir sentrale staden Eide i Hålandsdalen i 1890. Det vart bestemt at Holdhus kyrkje skulle rivast, men i staden vart ho overteken av Fortidsminneforeningen i 1900.

Det vart gjort omfattande reparasjonsarbeider på kyrkja i 1905-1906. Sidan 1920-åra har det vore halde olsokmesser i kyrkja, i tillegg til annan bruk. Kyrkja er også nytta i undervisinga til leirskulen som ligg like i nærleiken. Dei siste åra har kyrkja også vore brukt av Den nordisk-katolske kyrkje i Bergen som held messe sommars tid, og er også open for turistar i sommarsesongen.

Den eldste stavkyrkja

Det er mogleg at det vart reist ei stavkyrkje på Holdhus alt på 1200-talet, men dei einaste sikre opplysningane som finst om den aller eldste kyrkja stammar frå eit pergament datert 1306 [1]. I pergamentet finst ei inventarliste for "Hålands kyrkje i Rossadalen" som kan gje ein viss peikepinn om korleis den eldste stavkyrkja på Holdhus har sett ut. Dokumentet fortel såleis at kyrkja bestod av kor, skip og stopel. Interiøret var truleg dominert av tekstil skrud, med tøystykkje drapert på veggen. Det tekstile utstyret ser ut til å ha vore rikt. Det same gjeld for samlinga av bøker til bruk under kyrkjelege handlingar. Det vert såleis nemnd ei messebok for kyrkjeårstidene og helgendagane, helgenlegendar året gjennom, eit responsorium for dagane i kyrkjeåret og mogleg også helgendagane, ein psalter, ei lita hymnebok, ein liten psalter, mogleg felles offisier for helgenar og ei handbok som inneheldt ei ordning for kyrkjelege handlingar. [2]. Av utstyr elles kan nemast rituelle kar som ein kalk, eit eldkjerald og ein vasskjel, lysstell, to klokker i stopelen og to handklokker. Av dette inventaret er alt kome vekk, med eit mogleg unnatak av dei to klokkene i stopelen.

På ein konsoll over koropninga mot skipet står ein omlag 120 cm høg skulptur forma i kalkhaldig sandstein. Skulpturen syner Maria med det skrivande Jesusbarnet, og er truleg framstilt i Nord-Tyskland eller Nieder-Reihn i første halvdelen av 1400-talet. Maria held begge underarmane retta framover, med ei oppslått bok i høgre hand og Jesusbarnet over den venstre armen. I høgre handa held han ein griffel som han skriv i boka med. Steinskulpturen av Maria og Jesusbarnet var til behandling ved Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) i underkant av eitt år. Den måla skulpturen, som er den einaste i sitt slag i Noreg, kom tilbake til Holdhus kyrkje i 2012. Etter at Holdhusmadonnaen var konservert hos NIKU, vart det laga ein digital rekonstruksjon med animasjon som syner dei opprinnelege fargane og mønster.

I koren heng den første altartavla frå etter reformasjonen, ei katekismetavle frå etter 1590. Preikestolen frå 1570 er den eldste preikestolen som finst i ei kyrkje i Hordaland. Preikestolen er smykka med såkalla foldeornament av ein type som går tilbake til seinmellomalderen. [3]. Klokkene i tårnet og vestdøra i skipet med sine gangjarnbeslag stammar truleg også frå mellomalderen.

Stavkyrkja i perioden 1618-1722

Maria med det lesande Jesusbarnet er ein skultpur i sandstein som truleg daterer seg til 1400-talet, og er framleis ein del av inventaret i Holdhus kyrkje. Det er den einaste måla steinskulpturen i Noreg.
Foto: Øystein Lid

Skriftlege kjelder frå 1688 og fram til 1722 framstiller kyrkja som ei stavkyrkje med tårn, med eit sekundært tilbygd tømmerkor i aust og eit våpenhus i vest. Truleg var skipet det einaste som stod att av mellomalderkyrkja. [4]. Ut frå opplysningane i dokumentet frå 1306 er stopelen knappast den same som tårnet som er nemnd i kjeldene frå 1600- og 1700-talet. Det er heller ikkje så enkelt å avgjera kvar ein skal plassera tårnet i byggeprosessen. Etter konstruksjonen å døme er det lite truleg at det kan ha vore oppført før mot slutten av mellomalderen. [5]. Tårnet har kanskje fungert som ein integrert del av kyrkjerommet, men det kan óg ha fungert som våpenhus. Tårnet kan, som eit tredje alternativ, ha vore ein del av ein mellomliggjande bygning som det i dag ikkje finst spor etter.

Det finst framleis oppattbrukte veggbord frå stavkyrkja i den kyrkja som står i dag. Nokre bord står i same posisjon som dei gjorde på 1600-talet, med måling som truleg har vore veggmåling i kyrkja frå midten av 1600-talet. Ut frå rekneskapar i perioden 1630-1698 har skipet vore oppført i stavverk med eit sekundært kor av tømmer. Utvendes har heile kyrkja vore bordkledd og tjørebreidd.

Stavkyrkja var i 1686 "Indentil mallt og Vell flid" [6]. Ein del av denne målinga finst framleis, dels på materialar i tårnunderbygget og dels på veggbord. Målinga har rennesseansepreg, med tulipanar, rosettar, blad og blomar og fruktar av ulike slag klårt avteikna mot den kvite botnen. Dekoren kan vera utført i siste halvdelen av 1600-talet. På eit veggbord som i dag ligg på undersida av golvet er det teikna ein mannsperson i tilnærma naturleg storleik, i raude klede og med gult hår, bart og skjegg. Delar av inventaret i kyrkja er elles måla i engelsk raudt. Det gjeld preikestolen, dei innelatne stolane i koret, døra inn til skipet og eit bord som kan ha vore ei dørvange.

I kyrkja finn ein eit glasmåleri frå omlag 1650. Det framstiller ein klokkar med ei bok i handa som underviser tre gutar og ei jente. Ruta har innskrifta: "Christophorus Petri Rijber Diacounus Oussensis". Det er truleg Christopher Pederssøn som var klokkar i Os kommune. Han budde på klokkargarden Kjønn i Hålandsdalen og døydde i 1672. Ruta var ei testamentarisk gåve frå marinemålar Johan Larsen.

Frå inventarlistene på slutten av 1600-talet vert det nemnd to små klokker. Det er truleg dei klokkene som heng i kyrkja i dag.

Tømmerkyrkja frå omlag 1726

Krossfestingsmotiv i koret i Holdhus kyrkje, tømmerkyrkja etter 1726.
Foto: Øystein Lid

I dag framstår Holdhus kyrkje som ei trekyrkje med kor og skip lafta opp av plantelgd tømmer. Koret er litt smalare enn skipet og har litt lågare tak. Tårnet lengst i vest og våpenhuset er i bindingsverk. Bygningsdelane utvendes er kledde med sulagde bord som er festa med trenaglar. På dei tre saltaka over kor, skip og våpenhus er det store, diagonalt lagde ruteheller.

Inne i kyrkja kan ein tydeleg sjå korleis kyrkja er oppført i ulike fasar. Den eldste fasen er truleg stokkane frå det gamle koret som har vorte brukte opp att i dei nedre omfara i koret. Den neste fasen skriv seg frå då tømmerkyrkja vart oppført i 1726, og frå den siste fasen finn me tømmerveggane i koret frå 1848. Under reparasjonen i 1905 vart eit av dei gamle vindauga funne og sett på plass att, nærast preikestolen på sørveggen i skipet. I kyrkja finn ein elles ei rekkje innskrifter i vindaugsglasa.

Dei frodige dekorasjonane inne i kyrkja er framleis godt bevart. Av inventar finst det ei katekismetavle frå 1590, som i dag heng på vestveggen nord i koret. Over altaret heng ei enkel, klassiserande altartavle frå 1839 med den oppstandne Kristus. Preikestolen er datert til 1570, ut frå eit innskore årstal som no står opp ned på ei list nede på stolen og truleg har hatt ei anna plassering tidlegare. Oppgangen til preikestolen vart truleg flytta under ombygginga i 1848, då koret vart utvida. Benker og benkedørerer er dels skifta ut under dei ulike ombyggingane, men dei fleste dører er måla i limfarger med engelsk raudt med tulipanmønster og skriv seg truleg frå kyrkje si oppføringstid.

Gravminne

Kyrkjegarden går rundt kyrkja, og er framleis i bruk. Dei eldste gravminnene er krossar i støypejarn frå andre halvdelen av 1800-talet. I kyrkja er lagra to gravminne av tre. Utanfor porten på sørsida er det reist ein bautastein med innskrifta: "Minnestein fyr Hermennerne fraa Haalandsdalen som var med aa verna Folk og Land i Ufredsaari 1807-1814. Reist av Bygdefolk 17de Mai 1914." På nordsida av kyrkja står det ein liten stein med ein kross i relieff som er knytta til ei segn om ein presteson som mista livet pga. ei usemje. Ein gravstein ved kyrkjegardsporten er reist til minne om tre brør som drukna då dei gjekk gjennom isen i 1897.

Galleri

Referansar

  1. Nettutgåvsa av Norges Kirker, artikkel om Holdhus kyrkje av Anne Marta Hoff. http:www.norgeskirker.no/wiki/Holdhus_kyrkje
  2. Nettutgåva av Norges Kirker, artikkel om Holdhus kyrkje av Anne Marta Hoff. http:www.norgeskirker.no/wiki/Holdhus_kyrkje
  3. Hans-Emil Lidén: Kirkene i Hordaland gjennom tidene. Eide forlag, 2008.
  4. Nettutgåva av Norges Kirker, artikkel om Holdhus kyrkje av Anne Marta Hoff. http:www.norgeskirker.no/wiki/Holdhus_kyrkje
  5. Nettutgåva av Norges Kirker, artikkel om Holdhus kyrkje av Anne Marta Hoff. http:www.norgeskirker.no/wiki/Holdhus_kyrkje
  6. Nettutgåva av Norges Kirker, artikkel om Holdhus kyrkje av Anne Marta Hoff. http:www.norgeskirker.no/wiki/Holdhus_kyrkje

Litteratur og kjelder

  • Lid, Øystein: Fusa-fragmentet. Artikkel i Os og Fusaposten 10. august 2013.
  • Lidén, Hans-Emil: Kirkene i Hordaland gjennom tidene. Eide forlag, 2008.
  • Norges kirker. Hefte 2. Red. Anne-Marta Hoff m.fl. Gyldendal, 1997.

Eksterne lenkjer