Brussel

Brussel er hovudstad og største by i Belgia, med om lag 1 244 015 innbyggjarar (2024) i heile hovudstadsområdet. Byen er òg hovudsetet for EU, og har det sivile hovudkvarteret for NATO. Brussel er ein stor kulturby med mange museum og andre kulturinstitusjonar, og er svært mangfaldig språkleg og kulturelt.

Utsyn over Brussel kring 1665, måleri av kunstnaren Jan Baptist Bonnecroy. Det høgste tårnet i midten er rådhuset, som den dag ei dag er eit av dei mest ikoniske bygga i Brussel.

Allment

Hovudstadsområdet Brussel (Brussels Hoofdstedelijk Gewest/La Région de Bruxelles Capital) er ein av tre føderale regionar i Belgia, dei to andre er Flandern og Vallonia. Brussel ligg omkransa av det nederlandskspråklege Flandern, enda om det franskspråklege Vallonia ligg få kilometer sør for hovudstadsområdet. Hovudstadsområdet famnar om 19 kommunar, og har to jamstilte offisielle språk, fransk og nederlandsk, enda om fransk er fleirtalsspråk i byen.

Belgia er ikkje berre delt inn i tre regionar (gewesten, régions), men òg i tre kulturfellesskap (gemeenschappen, communautés), og to av desse er verksame i Brussel, nemleg det flamske fellesskapet (Vlaamse Gemeenschap) og det franske fellesskapet (Communauté française). Såleis har heile hovudstadsområdet skuler, bibliotek og andre kulturelle tilbod på både nederlandsk og fransk.

Namn og språk

 
Fridtjof Nansen har ei gate oppkalla etter seg i bydelen Anderlecht i Brussel. Skiltet er og eit døme på Brussel si tospråklege skilting; gata heiter både Rue Fridtjof Nansen og Fridtjof Nansenstraat.
Foto: Stig Rune Pedersen (2023)

Namnet Brussel kjem frå Bruocsella, seinare Broekzele, som er gamalnederlandsk, og tyder busetnad (zele) ved myra (broek). Byen heiter Brussel på nederlandsk, Bruxelles på fransk og Brüssel på tysk. Lokal franskspråkleg uttale er Bruss'el, med trykk på siste stavinga.

Alle dei nitten kommunane, alle strøk og alle gater har to namn, på høvesvis nederlandsk og fransk. Nokre stader, som i Marollen (Marolles), eit gamalt arbeiderstrøk i Brussel sentrum, har gatene tre namn: eitt på fransk, eitt på standard nederlandsk og eitt på gamal lokal dialekt. Brussel ligg frå gamalt av i nederlandskspråkleg område, enda om det franske språket har vori til stades som administrasjons- og elitespråk i byen iallfall sida 1430-åra, da hertug Filip den gode av Burgund gjorde Brussel til sitt hovudsete. Likevel var det fyrst på 1800-talet med den sjølvstendige belgiske staten at fransk vart det allmenne språket i Brussel, og språklege tilhøve i byen har vori ei kjelde til spenningar i belgisk politikk.

Historie

 
Motiv frå Grand Place (Grote Markt) i Brussel. Det gamle rådhuset til venstre i biletet.
Foto: Stig Rune Pedersen (2024)
 
Cinquantenaire-parken (Jubelpark), den kanskje mest kjente parken i Brussel, etablert i 1880 for å feire Belgia sitt 50-årsjubileum, med triumbue frå 1905.
Foto: Stig Rune Pedersen (2024)

Brussel fekk bystatus i 1229, og vart tidleg hovudsete for hertugen av Brabant, eit hertugdøme som omfatta delar av dagens Belgia og Nederland. I 1430 gjekk hertugdømet Brabant i arv til hertug Filip den gode av Burgund, som gjorde Brussel til sitt hovudsete, og byen vart dermed politisk sentrum for eit rike som bestod av store delar av dagens Belgia, Nederland og Frankrike. På denne tida vart det ikoniske rådhuset i byen fullført, og hertug Filip fekk òg Koudenberg-palasset bygd ut til residens for seg sjølv og arvingane. Han var ein stor samlar av bøker og manuskript, mange av dei høyrer framleis til det kongelege biblioteket i Belgia (Koninklijke Bibliotheek van België, Bibliothèque royale de Belgique).

Hertuginne Maria, sonedottera til Filip den gode, gifta seg inn i huset Habsburg, og slik vart Brussel og Nederlanda del av riket åt keisar Karl 5., som var tysk-romersk keisar i perioden 1520-1555, og som styrte verdsriket sitt frå Brussel. Under sonen Filip vart det uro i Nederlanda, og i 1568 braut Åttiårskrigen (1568—1648) ut, der dei nordlege Nederlanda – kjerneområda av dagens Nederland – enda med å rive seg laus. Resten av Nederlanda vart verande under huset Habsburg gjennom 1600- og 1700-talet, og blir kalla dei spanske Nederlanda og dei austerrikske Nederlanda, alt ettersom kva grein av huset som styrte her.

Brussel vart verande residens gjennom heile perioden, men leid ein del under krigshandlingar i den fyrste delen av Åttiårskrigen, i andre halvdel av 1500-talet. Den mest øydeleggjande krigshandlinga kom likevel under den pfalziske krigen (1689—1697), som var ein av krigane til den franske kong Ludvig 14: Under denne krigen vart dei spanske Nederlanda invadert av franske styrker, og i 1695 bombarderte dei Brussel til ruinar.

I perioden 1795—1815 låg Brussel under Frankrike, fyrst under republikken, seinare under keisardømet åt Napoleon. Slaget ved Waterloo stod den 18. juni 1815 få kilometer sør for Brussel, og vart det aller siste slaget i napoleonskrigane. Frå 1815 til 1830 var dagens Belgia i kongedøme saman med Nederland, og Brussel skifta med Haag om å vera hovudstad. I 1830 braut den belgiske revolusjonen ut i Brussel, og i 1831 vart Belgia eit sjølvstendig kongedøme med Brussel som hovudstad.

Gjennom 1800- og 1900-talet vaks Brussel valdsamt, og særleg kong Leopold 2 (1865—1909) bidrog mykje til å sponse saneringar og nybygg som pregar bybiletet i byen i dag. Døme på dette er det imponerande justispalasset (Justitiepaleis, Palais de justice), det viktigaste tinghuset i heile Belgia, og jubileumsparken (Jubelpark, Parc du Cinquantenaire), som vart anlagt i 1880 for å feire femtiårsjubileet til landet. Mykje av midlane kongen nytta på nybygg og parker i Brussel var henta frå den svært brutale koloniseringa av Kongo. I denne perioden gjekk byen òg gjennom eit språkskifte, der hovudspråket gradvis gjekk frå nederlandsk til fransk, fyrst i dei øvre laga av samfunnet, seinare òg i arbeidarklassa.

I kontrast til andre byar i Belgia vart Brussel lite skada i dei to verdskrigane, og i etterkrigstida har byen særleg vori prega av at han har vorti vertskap for fleire internasjonale organisasjonar, framfor alt EU og NATO, og av innanriks spenningar knytt til språkspørsmål i Belgia. I 1993 gjekk landet gjennom ein omfattande statsreform, der hovudstadsområdet vart den tospråklege føderale regionen det er i dag.

Norske organisasjonar i Brussel

 
Norges hus i Archimedesstraat/Rue Archimède 17.
Foto: Stig Rune Pedersen (2023).

Den norske staten, norske regionar og norsk næringsliv er godt representert i Brussel. Mange av desse er samla i Norges hus (Norway House), som ligg i Archimedesstraat/Rue Archimède 17, og som framfor alt husar den norske ambassaden i Belgia, den norske EU-delegasjonen og Stortingskontoret i Brussel. Elles held òg Tolletaten, Innovasjon Norge, fagforeininga Industri Energi og to regionkontor (Agder Europakontor, Vest-Norges Brusselkontor) til her, samt at fleire selskap har kontor her, slik som Hydro, Orkla og Telenor.

Fleire norske universitet og forskingsinstitusjonar er òg representert i Brussel, til dømes held NTNU, Universitetet i Bergen, SINTEF og NORCE til i Guimardstraat/Rue Guimard 9.

Galleri

Kjelder