Myrheim (Fedje gnr 168 bnr 131)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrheim
S450.168.131.CD 11 043.jpg
Svena 1963. Frå venstre bnr 81 og bnr 131. Bak Kopper.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 131
Adresse: Stormarkvegen 66

Myrheim er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Peder Smines f. 1921 (gnr 169 bnr 19-3d) d. 2004 g. 1944 m. Elen Rognsvåg f. 1923 (gnr 167 bnr 6-1a) d. 2013. Skøyte 1954 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 125 (jf gnr 168 bnr 48) same året. Huset vart òg bygd i 1954. Dei budde tidlegare i Rognsvågen hjå foreldra hennar, som flytta med hit. Peder var fiskar, seinare lagerarb. i Bergen i 25 år. Elen arb. Bjelland frå 1953 til 1987.

Barn: a. Otto Magnus Smines f. 1947 d. 2004, drosjesjåfør, hotellarb., fiskar, var g. 1969 m. Frøydis Irene Hagevik f. 1950 Os, busette i Bergen. Deira dotterson Christian Corneliussen Smines f. 1989 Bergen d. 2011 budde her.

2. Snefrid Gaalaas f. 1973 Bergen (sjå Moldøyna gnr 170 bnr 3-23e) g. 2002 m. Geir Kvammen f. 1968 Åsane i Bergen, busette der. Ho fekk skøyte i 2014. Huset vart brukt som fritidsbustad.

Born: a. Cecilie Kvammen Gravdal f. 1991, bustad Bergen (Geirs dotter). b. Silje Gaalaas Nilsen f. 1994, bustad Bergen (Snefrids dotter). c. Anette Gaalaas Kvammen f. 1999, bustad Åsane. d. June Gaalaas Kvammen f. 2005, bustad Åsane.

3. Kurt Arne Heimvik f. 1955 Arna i Bergen g. 1988 m. Maybel Kathleen Hauge f. 1961 Bergen, bustad Votlo i Osterøy (jf Haus ættebok s 346). Skøyte i 2021. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Tonje Natalie Hauge, seinare Heimvik f. 1979 samb.m. Tony André Kjørsvik f. 1974, bustad Askøy. b. Kathe Marie Hauge Heimvik f. 1988 samb.m. Preben Vik f. 1988 Osterøy, bustad Votlo. c. Lena Catarina Hauge Heimvik f. 1991, bustad Votlo.


Fedje komm.svg Myrheim (Fedje gnr 168 bnr 131) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Austli (Fedje gnr 168 bnr 121) • Neste bolk: Parktun (Fedje gnr 168 bnr 138)