Kari Amanda Vik

Kari Amanda Vik (fødd 18. september 1923 i Otterå i Austevoll, død 25. desember 2023) var husmor og småbrukarkone. Ho var den yngste i ein barneflokk på 10, var gift med Anders Vik og budde på eit småbruk i Vinnesvåg. Dei fekk seks barn.

Kari dreiv småbruket saman med barna. Anders skaffa inntektene til familien ved at han reiste på vintersildfisket mellom nyttår og påske, og dreiv som bygningsmann elles i året.

Kari budde som 100-åring på PO-senteret i Austevoll, og ho klaga ikkje på helsa. Hundreårsdagen vart feira saman med dei seks barna, 17 barnebarn og 37 oldebarn. Ho døydde tre månader seinere og vart gravlagd frå Austevoll kyrkje 3. januuar 2024.

Litteratur


  På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.