Krigsseglarar frå Austevoll under andre verdskrigen
Av 35000 norske krigsseglarar som segla på alle hav i delar av eller under heile krigen, omkom 3638. 66 av desse krigsseglarane var frå øykommunen Austevoll, og av dei omkom ni. 31 av austevollingane vart utsette for forlis. 22 av forlisa gjaldt torpederingar, forlis under ulike omstende som kraftig uver, flyangrep, kollisjonar, minespreging og dødsulykke om bord. I tillegg vart eitt skip borda av raider og senka, og to sjømenn vart sette i japansk fangenskap. [1].
I tillegg til desse gjorde mange austevollingar teneste både på land og sjø: Som mannskap på den omfattande torpedobåttenesta og på fiskeskøyter som frakta flyktningar over Nordsjøen, mannskap på fraktefartøy på norskekysten, commando-soldatar, jagarflygarar, soldatar i den engelske og amerikanske hæren, i krigshandlingane i landet og motstandsarbeid av ulikt slag.
Krigsseglarane frå Austevoll [2]:
Namn | Leveår | Bustad |
---|---|---|
Edvard Arnesen | 1907-1969 | Hundvåkøy |
Nils Olai Bakke | 1905-1990 | Storekalsøy |
Leif Berntsen | 1911-1979 | Litlekalsøy |
Ingolf Bjånesøy | 1918-1995 | Hauftarøy |
Lars Olai Drivenes | 1919-1990 | Selbjørn |
Konrad Drønen | 1922-2002) | Drøna |
Lars Drønen | 1916-1964 | Drøna |
Olaf Rasmussen Drønen | 1911-1986 | Drøna |
Magne Dypevåg | 1911-1996 | Huftarøy |
Monrad Dypevåg | 1914-1989 | Huftarøy |
Oskar Dypevåg | 1909-1943 | Huftarøy |
Hans Elholm | 1901-1966 | Huftarøy |
Otto Ferkingstad | 1911-2000 | Stolmen |
Johan Fjeldstad | 1911-1998 | Møkster |
Leif Forland | 1919-2010 | Sandtorv |
Erling Halstensen | 1919-1982 | Selbjørn |
Hans Konrad N. Haukanes | 1917-1944 | Huftarøy |
Arthur Haveland | 1917-2001 | Huftarøy |
Karl Heimark | 1914-1994 | Huftarøy |
Karl Johan Heimark | 1914-1944 | Huftarøy |
Knut Heimark | 1916-1987 | Huftarøy |
Selmer Horgen | 1898-1982 | Horgo |
Johannes A. Johansen | 1921-? | Litlekalsøy |
Johannes Johannessen | 1922-2004 | Litlekalsøy |
Karl Johan Kalve | 1916-2002 | Storekalsøy |
Nils Kalvenes | 1917-1997 | Huftarøy |
Johannes Karlsen | 1901-1969 | Litlekalsøy |
Mons Karlsen | 1911-1974 | Litlekalsøy |
Leif Kolbeinshamn | 1911-1969 | Hundvåkøy |
Johannes Nilsen Litlakalsøy | 1919-1942 | Litlekalsøy |
Karl Nilsen Litlakalsøy | 1923-1974 | Litlekalsøy |
Trygve Merkesdal | 1919-2004 | Huftarøy |
Jørgen Melingen | 1896-1977 | Hundvåkøy |
Harald H. Møgster | 1916-1987 | Huftarøy |
Karl Møgster | 1905-1963 | Møkster |
Sverre Conrad Møgster | 1913-? | Møkster |
Ingolf Noven | 1921-1978 | Selbjørn |
Ivar Noven | 1914-1942 | Selbjørn |
Monrad Otterå | 1920-2007 | Huftarøy |
Nils Sandtorv | 1916-1946 | Sandtorv |
Torkel Skår | 1907-1988 | Hundvåkøy |
Magnus Stenevik | 1912-1940 | Selbjørn |
Arne R. Storebø | 1923-2000 | Huftarøy |
Egil Storebø | 1923-2000 | Huftarøy |
Hans Marius Storebø | 1915-1940 | Huftarøy |
Ingvald Rasmussen Storebø | 1917-1943 | Huftarøy |
Alfred Sætre | 1916-1943 | Selbjørn |
Endre Søreide | 1906-1986 | Huftarøy |
Oddmund Søreide | 1919-2009 | Huftarøy |
Eirik Taranger | 1888-1981 | Hundvåkøy |
Ivar Taranger | 1912-1965 | Hundvåkøy |
Johannes Eriksen Taranger | 1887-1942 | Hundvåkøy |
Karl Olai Taranger | 1901-1967 | Hundvåkøy |
Lars Taranger | 1917-1943 | Hundvåkøy |
Magne Eriksen Taranger | 1917-1986 | Hundvåkøy |
Mons A. Troland | 1906-1985 | Hundvåkøy |
Johannes Vinnes | 1912-1950 | Huftarøy |
Magne Vinnes | 1920-1949 | Huftarøy |
Hans Jakob Hansen Vaage | 1918-199 | Stolmen |
Hans Vågen | 1914-1996 | Huftarøy |
Johannes N. Waage | 1919-1946 | Stolmen |
Rasmus N. Waage | 1917-1989 | Stolmen |
Simon K. Waage | 1912-1970 | Stolmen |
Tormod Østervold | 1907-2004 | Huftarøy |
Gerhard J. Aarland | 1906-1979 | Stolmen |
Samson M. Aarland | 1891-1956 | Stolmen |
Noter
Kjelder og litteratur
- Dyngvold, Finn: Krigen og Austevoll. Stord 1980. 146 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dyngvold, Finn og Trond Hagenes: Eit lite øysamfunn i Den store krigen 1939-45. Austevoll forlag AS. Storebø 2015. 394 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.