Peder Olai Kleppe (1872–1932)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Olai Kleppe (fødd på Storekalsøy i Austevoll 31. januar 1872, døydde same stad 19. september 1932) var sjømann før han tok styrmannseksamen i 1892, var ordførar i Austevoll kommune frå 1902 til 1918 og vart vald inn på Stortinget i 1918. Han var den første stortingsrepresentanten frå Austevoll. I 1893 overtok han gardsbruket og landhandelen etter faren.

Kleppe vart vald inn på Stortinget for Høgre og representerte valkrinsen Ytre Sunnhordland i Søndre Bergenhus amt. Han var stortingsrepresentant frå januar til juli 1919, og var medlem av Næringskomiteen. Det er uvisst kvifor han ikkje sat i heile perioden.

Kleppe engasjerte seg mellom anna i nasjonale fiskerispørsmål. Det kom til uttrykk i artiklar i Norsk Fiskeritidende etter 1910.

Kjelder og litteratur

  • «Austevolls fyrste på tinget». I Marsteinen 10. Oktober 2013.
  • Johan Tufteland: Austevoll gard og ætt. Møkster sokn. Utgjeve av Austevoll herad 1978.

Eksterne lenkjer