Anders Simonsen Nedre Vaage
Anders Simonsen Nedre Vaage (fødd 9. oktober 1821 på øya Stolmen i Austevoll, død same stad 29. januar 1865 [1] var strandsitjar, fiskar og jakteskipper, og han dreiv sildesalteri i fiskerihamna Stolmevågen i 1850- og 1860-åra. [2]
Kva var ein strandsitjar?
Ein strandsitjar var ein jordlaus husmann som budde i eige hus nær strandkanten. Anders kom frå eit av gardsbruka på garden Våge, og for plassen der han sette opp ei lita tømmerstove, måtte han betala ei årleg avgift til grunneigaren. Sidan han ikkje hadde jord, måtte han skaffa seg inntekt til mat og alt anna som familien på seks personar trong. På vinter- og vårsildfisket fekk han den same luten som andre fiskarar, og utanom desse sesongfiskeria måtte han skaffa seg inntekter ved å be om ulikt arbeid hos gardbrukarane, hos handelsmennene i Kvalvågen, på frakteskuter eller ved å laga fiskereiskapar som han selde. Men det var konkurranse mellom dei jordlause om arbeid på øya som i 1865 hadde 264 innbyggjarar, og difor kunne dei slita med å tena nok til familiane sine.
Dei rike sildeåra
Allereie som konfirmert 15-åring reiste Anders som mange andre jamaldringar frå Austevoll på stor- og vårsildfiske om vintrane. Perioden frå 1808 til omkring 1870 var rike sildeår på Vestlandet [3], og i periodar dreiv stolmarane sildefiske med landnot og garn frå Kinn i Sogn og Fjordane til Røver i Rogaland. Når ein var lutar på sildefiske, var det ikkje spørsmål om alder eller om ein var sjølveigande gardbrukar, husmann eller strandsitjar, men om ein var ein arbeidsam og flink fiskar. Alle fekk den same luten, bortsett frå basen som vanlegvis fekk to lutar. Hadde ein strandsitjar eigarskap i fiskereiskapar, fekk han betalt etter storleiken på parten han eigde.
Strandsitjaren som ikkje hadde gardsarbeid, hadde meir tid enn ein fiskarbonde til å driva med arbeid som knytte seg til fiskeria, f. eks. å laga fiskereiskapar som han selde eller reparerte for løn. Fiskarbøndene var villige til å bruka mykje pengar på å utrusta seg til dei ulike fiskeria, og grunnen var optimismen som låg i dei til utsikter om god forteneste. Anders Simonsen lagra utvilsamt pengane på kistebotnen, og denne driftige karen som tilhøyrde den lavaste sosialgruppa i samfunnet, greidde å leggja seg opp pengar som seinare vart brukte til større investeringar. Banklån var det vanskeleg å få på dette tidspunktet, men private lån med skyhøge renter kunne ein få hos pengesterke privatpersonar.
Segljaktkjøpet
Kor gammal Anders Simonsen var då han kjøpte seg jakt, er uvisst, men han var nok ikkje mykje over 20. Sidan det var rikt sildefiske ved Stolmen og i Austevoll elles, var det stort behov for fraktebåtar som kunne føra silda til salteria. Med jakta frakta han sild frå landnotstenga og frå garnfiskarane til sitt eige og andre sildesalteri som f. eks. til saltebua i Kvalvågen som hadde mange arbeidarar. Tønner med salta sild frakta han til oppkjøparar som dreiv med eksport frå Bergen og Haugesund. Dette blei det pengar av.
Sildesalteri på plass i 1848
Fraktinntektene gav pengar til saltebu. I Hardanger kjøpte 27-åringen eit 100 kvm stort naust som vart demontert og frakta til Stolmevågen der det vart bygd opp att som salteribygning. I reisverket og kledninga vart det ikkje brukt spikar, men trenaglar, og i mangel på materialar vart nordveggen kledd med [Leksikon: Brakekledning|brake]]. Dette var ein vanleg måte å kle vegger på, særleg lenger inne og nord i Hordaland. Brakekledningen heldt regnet ute og gav nødvendig ventilasjon.
For å driva saltebua måtte Anders skaffa til veges salt, tønner og folk som kunne tilbereda silda. På dette tidspunktet kunne det vera vanskeleg å få tak i salt til ein rimeleg pris. Dei som hadde saltlager, selde ofte saltet til høg pris, og dermed til dei som betalte best. I tillegg trongst det tønner. Like ved saltebua heldt bøkkaren (tønnemakaren) Asbiørn Olsen Stolmevogen til med verksemda si, og dermed fekk Anders Simonsen lett tak i sildetønner. Kjeldene opplyser ikkje noko om arbeidshjelp, men eit salteri trong arbeidskraft til saltinga. I Kvalvågen var det til dømes mange mann i arbeid ved sildesalteriet, og der hadde handelsmannen eit stort tønnelager. Mangla Anders tønner, var sjøvegen kort til tønnelageret i Kvalvågen. Det var nødvendig at silda vart salta ned så fort som muleg, for lang frakt med fersk sild gjekk ut over kvaliteten og dermed prisen.
Dei nye nasjonale handelslovene som kom frå 1842, og som vart fullførde i 1860-åra, opna for at andre enn handelsborgarar frå Bergen hadde lov til å driva handel i landområda omkring byen. Difor kom dette salteriet.
Jaktforliset
Med full sildelast forliste jakta på sørsida av Stolmen. Det var umuleg å venda den søkklasta jakta i den sterke sønnavinden, og ho rende på land og sokk. Mannskapet berga seg. Forliset som skjedde like nedanfor busetnaden på Våge, gjekk på folkemunne i lang tid. Rasmus Våge (f. 1917) og Anders Vaage (f. 1925) fortalde fleire gonger historia om dette forliset. Jakta var ikkje assurert, og tapet av båten vart ein økonomisk knekk for Anders Simonsen. Men drivande som han var, arbeidde han seg opp att på nokre få år.
Då sildemengda gradvis vart mindre etter 1860, og Anders Simonsen i tillegg hadde mista jakta si, gjekk det utvilsamt dårleg med salteriverksemda. Om salteriet var i drift då han døydde i 1865, seier kjeldene ikkje noko om. Bygningen vart seinare omgjort til naust for to av gardsbruka på Øvrevåge, og naustet er framleis i bruk.
Ulukka i Ronddalsbrekka
Ein januardag i 1865 var Anders Simonsen hos handelsmannen i Kvalvågen der han mellom anna kjøpte ei flaske sirup. Han plasserte flaska i trøyeermet, for det var ein vanleg måte å bera flasker på. På dette tidspunktet var det ikkje veg på øya, og han gjekk langs den kuperte stien mellom Kvalvågen og Våge. I den bratte Ronddalsbrekka var det mykje klakje, og han var uheldig og mista fotfestet på det glatte underlaget og rulla nedover berget. Flaska blei knust, han vart skoren opp av glasbrota og blødde i hel. I klokkarboka for Sund og Austevoll kan ein lesa om ulykka Anders var ute for.[4]
Anders sin familie
Anders gifta seg med Olina Jacobsdotter Drivenes (1824-1890) i 1856, og dei fekk fire barn. Tre av dei døydde som småbarn.[5] Familien er ikkje oppført i folketeljinga i 1865, men Olina er oppført som enkje i folketeljinga i 1875. Ho budde då saman med dottera Sølvi Maria (f.1864). Olina prøvde å livberga seg og dottera med strikking og spinning etter at Anders var død, men det var ikkje nok å leva av. Difor fekk ho ein liten sum frå fattigkassa i kommunen.[6]
Fotnoter
Kjelder og litteratur
- Anders Simonsen i Historisk befolkningsregister
- Folketeljinga 1875 for Møgster sokn i Sund og Austevoll kommune.
- Klokkarbok for Sund og Austevoll prestegjeld, Møkster sokn 1865-1878.
- Sjurseth, Karl: Fiskarsoga for Hordaland. Bergen 1961. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Austevoll 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Gard og ætt I. Austevoll 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tufteland, Johan: Handskrive manus frå 1945 med tittelen Segn og tradisjon frå Møkster, Austevoll og Sund. 1. Upaginert. Arkivert i Fylkesarkivet i Vestland, avdeling Bergen.
- Våge, Nils Steinar: «Stolmavågen - frå 1500-talet til omkring 1900». I Rakved frå Austevoll. Lokalhistorisk årsskrift 2021.