Vossabakkjen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Vossabakkjen på Onarheim, Tysnes. Grava til diktaren C.P. Riis til venstre.

Vossabakkjen er ein del av kyrkjegarden på Onarheim. Den freda bakken fortel om den sterke tilknytinga vossingane hadde til Onarheimskyrkja. Sokneprest Christie til Tysnes skreiv i sitt svarbrev til den omfattande spørjeundersøkinga som vart sett i verk av Danske Kanselli 1743: «Som Rygtet endnu gaar haver Vosserne, som lever 11 Norske Mile derfra, sognet til samme (Onarheim) Kircke, og er der endnu een Stæd paa Kircke Gaarden kaldis Vosse Bolcken, hvor Mand holder for de have hafft deris Begravelser.»

Det må då ha vore særskilde vosseslekter som har hatt gravplassane sine ved kyrkja til Onarheimsgildet, og dei var venteleg medlemer av gildet. Johannes Heggland skriv såleis at «Vossabakkjen, Vossabolkjen eller Vossaholena på Onarheimskyrkjegarden den dag i dag skulle prova samanhang med gildet so langt nord som til Voss»[1].

Etter gammal tradisjon skal vossingane om vintrane ha ført dei døde til «Likhidleren» ved Granvin, og sidan ut fjorden til Onarheim. Det var lang veg dette, og vossingane hadde kanskje styrkedråpar med seg i tinene. Det er i alle fall fortald om eit slikt følgje at då dei nærma seg Onarheim vart det oppdaga at dei hadde gløymt kista med den døde i Granvin.

Ein finn i tillegg minne etter vossingane i tuftene etter nokre bygningar som er kalla Vossaholane eller Vossamurane. Det var også slektskapsmessige tilknytingar mellom tysnesingar og vossingar.

Referansar

  1. Heggland, Tysnes, det gamle Njardarlog, band 1, s. 188

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 4. Tysnes Sogelag, 1991.
  • Heggland, Johannes: Det gamle Njardarlog, band 1. Tysnes Sogelag, 1963.
  • Løyland, Margit (red.): Norge i 1743. Solum forlag. 2006.
  • Skjellevik, Olav: Kåseri ved Onarheim kyrkje 27/7 2008, manus.