Gunnar Gjerstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Gjerstad ombord i ein amerikansk lystyacht. Riggen er segld over bord. Gunnar er kaptein (til v.). Fotografi frå 1920- eller 1930-talet. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)

Gunnar Gjerstad (1887-1966) var ein av dei mest kjende og omtala norske skipperane innan den såkalla jåttseglinga i USA på første halvdelen av 1900-talet, og likesom sin kapteinskollega og svoger Engel Vaage eigde han ein gard i Våge (Tysnes)Tysnes i Sunnhordland. Han var gift med Abelone Johannesdtr. Lande (1887-1974) som tok hand om bruket Haugen i dei lange periodane han var til sjøs.

Som ung gut mista han faren sin, og måtte tidleg ta tunge tak på garden. Straks etter konfirmasjonen reiste han i Nordlandsfart fram til attenårsalderen, då han i 1905 tok hyre i utanriksfart og drog til USA. Først var han mannskap på nokre skonnertar langs kysten, men kom snart med i seglsporten. I 1909 fekk han hyre på John D. Lawrence sine yachter «Squaw» og «Advance» i ni år, seinare med ymse andre yachter, først som styrmann og sidan som kaptein. Mellom dei yacthene han seglde var òg «Yankee», som vann ein kappseglas over Atlanteren i 1935.

Jåttseglinga

Bakgrunnen for denne spesielle seglsporten var den såkalla America's Cup. Dronning Victoria sette opp pokalen i 1851. I ein regatta rundt Isle of Wight vann den amerikanske båten "America" mot 15 engelske fartøy. Pokalen fekk så namn etter båten, og America’s Cup vart evigvandrande. For å få tevla om cupen (pokalen) måtte ein seglklubb i eit anna land enn det landet som sist vann, utfordra den seglklubben som sist vann pokalen. Mot slutten av 1800-talet kom det mange utfordringar frå både engelske og kanadiske syndikat, som ville slå amerikanarane. Men amerikanarane forsvarte cupen gong etter gong. Desse yachtane var store og kostbare, og eigd av styrtrike amerikanske millionærar.

I 1932 deltok Gunnar Gjerstad på den store regattaen i Bjørnefjorden sør for Bergen, med «Symra» som han segla for Axel Isdahl, som vann pokalen. I åra 1920-40 var han skipper på ymse yachter i USA att, tilbake på «Advance» og "Yankee», og hadde eit usedvanleg godt ord på seg både som seglarkaptein og som arbeidskamerat. Bondeguten frå Gjerstad (Tysnes) hadde arbeidd seg opp til han no var førar av ein av Amerika sine største «racing yachts».

Lempa Roosevelt på sjøen

Familien Abelone og Gunnar Gjerstad med borna Ole, Abelone og Johannes (frå v.). Biletet er teke i Bergen 1928. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)

På den tida då Gunnar Gjerstad var skipper på «Squaw», lånte eigaren vekk båten til Franklin D. Roosevelt, som på det tidspunktet var amerikansk marineminister og lam i beina etter polio. «Eg var ombord då», fortalde Gunnar. «Tre gonger om dagen putta me han i ein båtsmannsstol og lempa han på sjøen, og vel nede i det våte element sumde han i veg som ingen ting.» Fleire rike og framståande amerikanarar var nære vener med Gunnar Gjerstad, populært kalla «Sandpaper-Gus». Ein av dei, oceanografen Columbus O'Donnell Iselin, kom til Noreg og vitja Gunnar etter at han hadde lagt opp.

Tysnesingar som mannskap

Særleg Gunnar Gjerstad og svogeren Engel Vaage knytte andre tysnesfolk til båtane når dei skulle hyra seg mannskap, og på det viset vart det noko særeige ved jåttseglinga, som vart prega av tysnesingane. Mange av desse sjøfolka vart framifrå seglarar og tente gode pengar, Dei var gjerne heime om vinteren og drog tilbake til USA på vårparten. Ein av dei, Ole P. Dalland som seglde lenge i yachtfarten, førde notatar og dagbok på ferdene, såleis på turen med «Yankee» over Atlanteren, og dette stoffet har kome vel med i arbeidet med å ta vare på historia om kappseglinga.

Heime på Tysnes

Gunnar Gjerstad levde også eit rolegare liv i periodar då han ikkje var til sjøs, og etter at han pensjonerte seg. Ekteparet bygde ny løebygning på Haugen i 1923 og eit nytt stort bustadhus i 1930- 31. Dei fekk dyrka bruket godt opp, og fødde etter kvart hest, 6- 7 kyr og sauer. Det hadde ikkje vore hest på Haugen før. Ekteparet gav seg med drifta kring 1957. Gunnar Gjerstad sat i forstandarskapet for Tysnes Sparebank 1943- 1959. Det var også Gunnar Gjerstad som først lanserte tanken om etablering av Våge Lysverk på 1930-talet, forløparen for det seinare Tysnes Kraftlag.

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes sogelag, 1989.
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog. Band II. Utg. Tysnes sogelag, 1975.
  • Jåttseglarane frå Tysnes. Tysnesingar i amerikansk seglsport. Brosjyre. Utg. Jåttlaget, u.å.
  • Jåttlaget. Jåttseglarane frå Tysnes. Nettstad
  • Gunnar Gjerstad i Historisk befolkningsregister