Engel Vaage

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Engel Vaage ((1875-1944) frå Tysnes i Sunnhordland var ein av dei mest kjende og markante kapteinane frå den såkalla jåttseglinga i Amerika dei første tiåra av 1900-talet, då særleg norske sjøfolk, og då gjerne sjømenn frå Tysnes som han sjølv, var sterkt etterspurde som mannskap på dei amerikanske lyst-yachtane. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Engel Vaage (1875-1944) frå Tysnes i Sunnhordland var ein av dei mest kjende og markante kapteinane frå den såkalla jåttseglinga i Amerika dei første tiåra av 1900-talet, då særleg norske sjøfolk, og då gjerne sjømenn frå Tysnes som han sjølv, var sterkt etterspurde som mannskap på dei amerikanske lystyachtane, som gjerne deltok i kappseglingar. Frå 1918 var han skipper på ei rekkje av dei største og mest kjende skarpseglarane og var i si tid rekna som den mest dugande yachtskipperen i Amerika.

Sjømann i Amerika

Berre 13 år gammal fekk Engel skøyte på farsbruket, sjølv om foreldra dreiv garden endå nokre år. I 1904 gifta han seg med Kristi Olsdtr. Gjerstad (1880-1955) og vart såleis svogeren til Gunnar Gjerstad, som også var ein av dei mest kjende yacht-kapteinane frå denne tida. Det var Kristi som kom til å driva garden åleine mens Engel seinare var i Amerika. Dei var begge kjende som drivande folk. I 1906 sette dei opp nytt bustadhus, og ei moderne løe i 1914. Engel reiste tidleg til sjøs, først på Nordlandsfart nokre turar, så til Amerika i 1891. Kring 1900 vart han råka av malaria og lagt inn på sjukehus, og her møtte han kaptein Christian Christensen frå Arendal, som hadde teke hyre som skipper på amerikanske lystyachter. Dei vart særs gode vener, og Engel fekk såleis hyre som styrmann under Christensen på ein lystyacht.

Etter at han gifta seg i 1904 var han årvisst heime på Tysnes om vintrane, bortsett frå vinteren 1909 då Kristi og dei to døtrene kom til USA. Her vart dei verande i halvtanna år. Engel hadde gjerne fri to månader i året, som han nytta til heimturar. Det halvtanna året då Kristi var hos han, hadde Engel hyre som vaktmann ombord i ein lystyacht som tilhøyrde den styrtrike Vanderbilt. Vinteren 1914 kom han seg ikkje tilbake til USA på grunn av krigen, så det gjekk fleire år før han kunne returnera. I krigsåra dreiv han fiske frå ei seglskøyte og litt notbruk.

America's Cup

Frå 1918 reiste han som kaptein på lystyachter heilt fram til 1937, med åtte besøk heime på Tysnes desse åra. Engel Vaage var 1920 styrmann på «Resolute», 1923 skipper på «Queen Mab» og frå 1925 skipper på «Lynx», til han gjekk på som skipper på «Vanitie» 1927, der han var til 1935, då han tok over «Yankee». Både styrmenn og mannskap var oftast tysnesingar, med nokre unnatak. Dei siste fire åra hadde Vaage berre tysnesmannskap som følgde han år etter år.

Bakgrunnen for denne spesielle seglsporten var den såkalla America's Cup. Dronning Victoria sette opp pokalen i 1851. I ein regatta rundt Isle of Wight vann den amerikanske båten "America" mot 15 engelske farty. Pokalen fekk så namn etter båten, og America’s Cup vart evigvandrande. For å få tevla om cupen (pokalen) måtte ein seglklubb i eit anna land enn det landet som sist vann, utfordra den seglklubben som sist vann pokalen. Mot slutten av 1800-talet kom det mange utfordringar frå både engelske og canadiske syndikat, som ville slå amerikanarane. Men amerikanarane forsvara cupen gong etter gong. Desse yachtane var store og kostbare, og eigd av styrtrike amerikanske millionærar. Dei norske sjøfolka kom gjerne frå visse stader langs Sør- og Vestlandskysten: Horten, Arendal, Egersund, Stavanger, Karmøy, Bømlo og Tysnes i Sunnhordland. Særleg to skipperar skulle få mykje å seia for yachtseglinga - Gunnar Gjerstad og Engel Vaage, begge frå Tysnes.

«Cocoanut John»

I 1936 kom kona Kristi over og var hos han det siste året. Då han la opp som sjømann og slo seg til på Tysnes for godt skreiv Bergens Tidende om han i ein artikkel [1]: «Kaptein Engel Vaage fra Tysnes, «Cocoanut John», som han gjerne kalles i amerikanske yachtingkretser , har nu besluttet å legge op for godt som sjømann og slå sig ned på sin vakre fedrenegård i Vaage på Tysnes, hvor han i sin fritid fra sjømannslivet har gjort det så vakkert og velstelt som råd er. Det var i 1900 han slo inn på yachtseiling, et arbeid som skulde gjøre ham kjent i hele den amerikanske lystyacht-seilerflåte. Her kom kaptein Vaage i sitt rette element, og steg meget raskt til kaptein. Siden 1918 har han vært skipper på en rekke av de største og mest kjente skarpseilere som «Resolute», «Vanitie», «Weeta-moe» og «Moe» og «Yankee». Han har ikke bare deltatt i regattaer på den amerikanske kyst, men han har også vært med i internasjonale regattaer i Europa. For to år siden førte han således «Yankee» under seilas på den engelske kyst. Videre har han seilet flere ganger over Atlanteren og er nu ubestridt regnet for den dyktigste yachtskipper i Amerika. Han er avholdt så vel av sine over- som underordnede, som har lært å sette umåtelig pris på den trauste sjømann. Mangen tysnes-gutt som kom over til Amerika har han hjulpet frem, og som kjent tok han alltid tysnesinger som mannskap på de båter han førte».

Referansar

  1. Bergens Tidende januar 1937, sitert etter Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 3.

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes soigelag, 1989.
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog. Band II. Utg. Tysnes soelag, 1975.
  • Jåttseglarane frå Tysnes. Tysnesingar i amerikansk seglsport. Brosjyre. Utg. Jåttlaget, u.å.
  • Jåttlaget. Jåttseglarane frå Tysnes. Nettstad
  • Engel Vaage i Historisk befolkningsregister.