Studieringen «Viking»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Studieringen «Viking» femti år etter. Det opphavlege styret samla til jubileumsfest i ungdomshuset Vonheim 1982. F.v. Øyvind Døssland, Lars R. Tysnes, Garfield Gundersen, Ingvald Ingebrigtsen og Selmer Dalland.

Studieringen «Viking» vart skipa i 1932. Føremålet var å ordskiftast om aktuelle tidsspørsmål og fremjing av gode bygdetiltak i Tysnes kommune. For at medlemene skulle kunna uttala seg fritt, var det referatforbod frå møta.

Gjennom åra vart det teke opp mange emne i studieringen. Som ein kuriositet vart spørsmålet om ein ytre stamveg over Tysnes teke opp alt i 1937, eit prosjekt som først i våre dagar er i ferd med å bli realisert. Det var også Studieringen «Viking» som tok initiativet til Båtlaget Njord, som i tidlegare år arrangerte fleire regattaer i Våge og framleis er aktivt. Andre oppgåver som studieringen fremja eller tok del i var m.a. vassverk i Våge, som i dag er Tysnes Vassverk, installering av elektrisk straum i ungdomshuset Vonheim, kartlegging av sentrale strok i Våge, og utgjeving av juleheftet «Njardarlog» som kom i nokre år på 1940- og 1950-talet.

Dei største oppgåvene som Studieringen «Viking» tok på seg, var arrangement av bygdeutstillingar. På den fyrste utstillinga i 1948 kom det 1800 personar, på den siste 25 år etter var det 4000.

Studieringen var samla siste gongen på ein fest i 1982.

Litteratur og kjelder

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes Sogelag, 1989.
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1999.
  • Ymse munnlege kjelder