«Njardarlog»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det siste juleheftet utgjeve av Studieringen "Viking" som kom ut i 1951.

"Njardarlog" var eit julehefte som vart gjeve ut av Studieringen «Viking» frå slutten av 1940-åra. Det einaste heftet som er registrert av Nasjonalbiblioteket er 1951-årgangen, som også vart den siste.

Undertittelen på heftet, "Ei helsing frå Tysnes", tyder på at heftet i stor grad var berekna på utflytta tysnesingar andre stader i landet og i Amerika. Alt innhald og alle illustrasjonar var skrive og laga av lokale krefter.

Heftet for 1951 inneheldt artiklar, dikt og forteljingar, m.a. ei novelle av Johannes Heggland som er illustrert av forfattaren sjølv: "Kari Litotaus". Novella har ikkje stått på trykk andre stader, men vart digitalisert av Bruker: Knut Rage og attgjeve i bladet "Tysnes" sitt julenummer 2013. Av innhaldet elles kan nemnast eit intervju med nordlandsfararen Gunnar Kathenes, intervjua av Sjurd Tysnes, og eit juledikt av den lokale biletkunstnaren Jens Tvedt (kunstmaler).

I tillegg til heftet som er registrert av Nasjonalbiblioteket finst det eit eksemplar i Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Litteratur og kjelder

  • "Njardarlog - Ei helsing frå Tysnes". Utg. Studieringen "Viking", 1951. Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1975.