Sjurd Tysnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsyning i regi av Tysnes Ungdomslag, ca 1910. Kva stykket handla om veit me ikkje, kanskje var det Til sæters av Claus Pavels Riis, som var populært på den tida. Sjurd Tysnes ytst til høgre, med duskelue.

Sjurd Tysnes (1879-1967) var ein leiande kulturpersonlegdom i Tysnes kommune i åra før og etter krigen, og var mellom anna. med på å starta Studieringen «Viking». Han var også ein aktiv kåsør og skribent, med kåseri i radioen. Det var særleg lokalhistorie som opptok han.

Som ung gjekk Sjurd to år på Voss folkehøgskule. Her kom skulemannen og forfattaren Lars Eskeland til å gjera eit varig inntrykk på han. Sidan var han gardsdreng på Jæren ei kortare tid. I 1910 overtok han farsjorda heime på Tysnes. Han tok straks til å dyrka opp garden etter nye metodar, med drenering og andre forbetringar. Etter kvart vart det grønsakproduksjon som kom til å bli hovudinntekta hans, med sal på torget i Bergen.

Attåt garden og snekkerarbeid vart Sjurd Tysnes tidleg ein drivkraft i ungdomslagsarbeidet i heimbygda, og var ein av dei som stod fremst i arbeidet med reising av ungdomshuset i Våge. Han var óg aktiv i avhaldssamanheng. I tillegg var han aktiv som politikar og sat i heradsstyret i mange år, den tid det var direkte personval, og var nytta som skjønns- og utskiftingsmann. Han var flink både til å skriva og å snakka for seg, vert det sagt.

Det var som nemnd særleg lokalhistorie som opptok han. I bygdebladet «Tysnes» skreiv han jamt. I eldre år kunne ein også høyra han som radiokåsør. Me finn også artiklar av han i juleheftet "Njardarlog", som vart gjeve ut av Studieringen "Viking" til og med 1951.

Litteratur og kjelder