Gunnar Kathenes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Kathenes (1860-1957) og kona Helga Flatøy (1865-1945). (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)

Gunnar Madsson Kathenes (1860-1957) var ein av dei mest kjente Nordlandsskipperane frå Tysnes i Sunnhordland, far til Martin Kathenes. Han byrja i Nordlandsfarten som nyleg konfirmert, med hyre som kokkegut. Seksti år seinare, i 1934, hadde han sin siste tur, som fisketørkar. EIles var han turar utanriks i første halvpart av 1880-talet, mellom anna til Middelhavet.

Si første jakt kjøpte Gunnar M. Kathenes allereie i 1886, saman med andre, kalla "Hope". I 1890 fekk han forsikra jakta «Maagell». Den første «Armanda» kjøpte han saman med to kompanjongar i 1891, med seg sjølv som skippar. Tre år seinare kjøpte han ein ny «Armanda», levert 1894 av Skaaluren Skibsbyggeri i Rosendal. Skaaluren åtte elles ein tredjepart i jakta over lang tid. Ein annan tredjepart tilhøyrde ein annan rosendøling, fram til sonen Martin Kathenes kjøpte han.

"Armanda" fekk sett inn motor i 1920, og var heimehøyrande i Kattaneset like fram til 1950. Så lenge har vel knapt noko Tysnesfartøy vore i same familien. Martin Kathenes overtok føringa i 1913. Gunnar hadde då ei stor, ny jakt som heitte «Anna Dortea» nokre år. Siste åra reiste han som ein særs dugande fisketørkar.

Så mykje oppteken som han var med Nordlandsfarten, var det kona Helga Oline f. Pedersdtr. Flatøy (1865-1945) som fekk det meste strevet heime. Mannen var vekke på fisketurar om vintrane og på sildaturar sommarstid. Attåt gardsdrifta hadde ho alt arbeidet med 7-8 born. Vinterstid karda og spann ho det som trongst av garn i huset, slik tysneskonene gjorde det. I 1893 hadde ekteparet nett bygd nytt hus, som brende ned tre veker gammalt og eine sonen omkom. Einaste dei fekk berga var ei kiste, nokre klær og ein bibel. Det var eit tungt slag for dei. Huset var ikkje assurert. Men året etter fekk dei bygd nytt, godt hjelpt av bror hennar.

Gunnar Madsson Kathenes vart 97 år gamal. Då sonen Martin døydde i 1957, mista han livsmotet og døydde berre ei veke seinare.

Litteratur og kjelder