Lars R. Tysnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Treskogravaren i Ve Ytre» har Lars sjølv skrive bakpå dette biletet.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Lars R. Tysnes (født 12. januar 1904, død 10. mai 1994) var ein mann som sette spor etter seg i lokalmiljøet. Lars var heradskasserar i Tysnes kommune frå 1943 og til han gjekk av med pensjon i 1969. Før det var han styrar i Våge Handelslag i elleve år. Ei tid var han dessutan kasserar i Tysnes Privatbank. I 1934 vart han gift med Margrethe T. Lande (1905-1988).

Som ung reiste han til Amerika i 1927. Han var først ein sommar med andre tysnesingar på yachten "Vanity" med Engel Vaage som kaptein, men var så fire år på kontorarbeid i Brooklyn, lengste tida i eit reisebyrå - C. A. Hansen & Bro. Han hadde gått på både underoffiserskule og eitt-årig handelsutdanning før han reiste over.

Etter at han kom heim og busette seg i Tysnesbygda tok både han og kona Margrethe aktivt del i det sosiale og kulturelle livet i kommunen. Margrethe vart den første lagsleiaren i Tysnes Husmorlag, oppretta i 1936. Lars var i si tid med på å starta Båtlaget Njord, Studieringen «Viking» og Tysnes Museumslag, der han var formann i fleire år. I mange år var han også ein aktiv seglar. Han var òg mykje nytta i kommunalt arbeid, han sat såleis i heradsstyret fleire år, i formannskapet og som varaordførar i Tysnes frå 1945-1947. Han har òg vore formann i Tysnes Kraftlag.

Litteratur og kjelder