Tysnes kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Tysnes Rundt 2006
Tysnes kystlag blei stifta 1992, er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 70 medlemmer (2014). Båtbrygging og bruk av robåt er laget sin kjerneverksemd.

Kystlaget har lokalar på handelstaden Årbakka, der det har vore handelsstad med krambu og postopneri frå slutten av 1800-talet og fram til 1960 då verksemda vart nedlagt. Laget leigar det midtre huset der, i fyrste etasje har kystlaget eit slags museum, det er det motorar og ymse sakar frå heilt til bake til seglskutenes tid og i andre etasje har møtelokal. På kaia ved Flakkavåg ligger eit båtbyggjeri som kystlaget leig til sine båtbryggjerkurs. Med Harald Dalland (1945 - 2014) i spissen har kystlage arrangert kurs sida 1995 og det har i alt har det vorte bygd om lag 50 båtar.

Tysnes Rundt med robåt er eit årleg tiltak som frå siste helga i juni samlar ro- og trebåtentusiastar frå heile Vestlandet. Fyste gong det blei arrangert var i 1995 og har sidan samla mange båtar og mange entusiastar til å ro i tre dagar. Start ved Årbakka fredag kveld og ankomst Årbakka sundag. I 2000 var det heile 69 båtar med, blant anna ein tiæring frå Rosendal og i 2015 var det var 16 færinger med og heile sju nybygde færinger frå vindens båtbryggjerkurs.

Eksterne lenker