Årbakka

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Årbakka var stoppestad for rutebåten. Men etter kvart vart det for avsides, og i 1960 la postkontoret ned samstundes som butikken flytta opp til vegen. Rutebåten heldt fram som før, men etter nokre år var det slutt også for den.
Foto: Knut Rage

Årbakka i Tysnes kommune ligg ved Hardangerfjorden. Ved sjøen var det frå slutten av 1800-talet og fram til 1960 ein handelsstad med krambu og postopneri. I ei sjøbu frå tida kring første verdskrigen vart det drive med salting og omlegging av sild, i tillegg til ei smie. Butikken og postkontoret står framleis nett som den var då verksemda vart nedlagt i 1960.

Årbakka som handelsstad

Mot slutten av 1890-åra kom det handel ved Årbakkasjøen med stoppestad for dampbåt. Johannes Aarbakke var ekspeditør den første tida.

I 1926 vart handelsstaden seld til Teodor Schrøder frå Røvær ved Haugesund. Han fekk opna postkontor ved Årbakkasjøen i 1928. Før det hadde det vore landpostbodrute frå Tveit to gonger i veka. Schrøder var ein mann med sterke interesser for samfunnsspørsmål og ville arbeida for framgang i bygda. Men familien Schrøder flytta til Karmøy etter berre kort tid.

Gunnar Olson Onarheim (1878-1963) overtok landhandel og ekspedisjon på Årbakka i 1928 og fekk skøyte på bruket då. Gunnar bygde kai i 1935, slik at båtane kunne gå innom Årbakkaholmen. Då vart ekspedisjonen straks enklare. Kaien vart utvida i 1938. Både smia og sjøhuset (saltebua) brann ned, og det vart sett opp nye hus i 1929. Men smia fekk andre funksjonar.

Postkontoret på Årbakka opna i 1928 og var i drift til 1960. Det står framleis slik det var.
Foto: Knut Rage
I 1949 fekk Svenn G. Onarheim (f. 1928) skøyte av foreldra på eigedomen. Han overtok forretning og ekspedisjon i 1951, posten i 1958. Men i 1960 flytta han verksemdene opp på Godbakkjen, ved storevegen. Årbakkasjøen hadde då vorte ei bakevje utanfor allfareveg. Ville ein vera med, måtte ein vera der bilen og vegen var. Men ekspedisjonen av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap sin rutebåt heldt fram til desember 1963, tre gonger i veka var det kring 1950. Etter at gamle Gunnar Onarheim døydde, har det ikkje budd folk nede ved Årbakkasjøen.

Dei siste ti åra har det vore drive eit kunstgalleri i den gamle sjøbua, medan Tysnes kystlag har innreia eit kystkulturmuseum i smia. Sjølve landhandelen er gjort om til eit butikkmuseum der det meste er teke vare på slik det ein gong var. Postkontoret står nøyaktig slik det var då det vart nedlagd i 1960. På staden kan ein også sjå færingen som ein gong høyrde til Knut i Lukto, faren til Herborg Knudsdotter som skal ha vore modell for Anne i songen om Anne Knutsdotter.

Litteratur og kjelder

  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog, band 1. Utg. Tysnes Sogelag, 1963.
  • Drange, Ernst B.: Tysnes gards- og ættesoge, band 4. Utg. Tysnes Sogelag, 1991.

Utgåande lenker

Infotavle på Årbakka, Tysnes kommune.


Koordinater: 59.9917927° N 5.6844245° Ø