Språkskiftet til nynorsk i Sogn og Fjordane
Språkskiftet til nynorsk i Sogn og Fjordane kom tidlegare og var meir omfattande enn i noko anna fylke. I dag er Sogn og Fjordane fylket der nynorsk står klart sterkast. Alle kommunar har nynorsk som tenestemål, og så godt som alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål.
I 1892 fekk skulestyra lovheimel (målparagrafen) til å innføre lærebøker og skriftleg opplæring på nynorsk i folkeskulen, og frå same år fekk kyrkjelydane høve til å ta i bruk det nynorske samleboktillegget «Nokre Salmar» av Elias Blix. Den store overgangen til nynorsk opplæringsmål kom 1905-1910 i Sogn og Fjordane, som i mange bygder i Hordaland. I folkeskulen var nynorskelevane i fleirtal alt i 1910, og i 1920 gjekk kring 90 % av elevane i skular med nynorsk som opplæringsmål. Ingen andre fylke hadde eit så tidleg og så stort språkskifte til nynorsk.
Tabellen nedanfor viser når skulestyret etter krinsrøysting gjorde det fyrste vedtaket om å innføre nynorsk som skriftleg opplæringsmål i ein eller fleire skulekrinsar i kommunen. Årstalet følgjer Hovdans oversyn og kan vere usikkert, og vedtak om å innføre einskilde lærebøker på nynorsk kan ha kome før. Tredje kolonne fortel når det fyrste gong var fleirtal for å ta i bruk Blix-salmane i eit sokn i prestegjeldet. Fjerde kolonne er prosent nynorskelevar i 1935.
Det var større variasjonar i dei lokale språkskifteprosessane enn tabellen gjev inntrykk av, jf. Lothes oversyn over kvar einskild kommune og |artikkelen om Jostedalen.
Ein hovudtendens er at Sogn (både ytre og indre) og dei indre bygdene i Nordfjord hadde det tidlegaste og mest omfattande språkskiftet. Seinast kom språkskiftet i dei ytre bygdene i Nordfjord.
Kommune | Fyrste nynorskkrins | Fyrste sokn med Blix-salmar | Prosent nynorsk i folkeskulen 1935 |
---|---|---|---|
Jostedalen | Mellom 1901 og 1907 | 12.5.1907 | 100 |
Luster | 1907 | 25.2.1906 | 100 |
Hafslo | 1907 | 20.5.1906 | 100 |
Årdal | 1907? | 5.7.1903 | 100 |
Lærdal | 1908 | 8.6.1902 | 82 |
Sogndal | 1908 | 6.8.1905 | 100 |
Aurland | 1908 | 18.3.1906 | 93 |
Leikanger | 1901 | 14.1.1900 | 100 |
Balestrand | 1908 | 28.6.1903 | 100 |
Vik | 1908 | 5.6.1904 | 100 |
Lavik | 1900 | 12.10.1902 | 100 |
Kyrkjebø | 1904 | 3.8.1902 | 71 |
Brekke | 1902 | 28.9.1902 | 100 |
Gulen | 1907 | 22.7.1906 | 100 |
Solund | 1908 | 4.6.1906 | 100 |
Hyllestad | 1908 | 16.6.1907 | 84 |
Askvoll | 1909 | 31.3.1907 | 95 |
Fjaler | 1908 | 19.11.1906 | 100 |
Gaular | 1908 | 24.6.1906 | 100 |
Førde | 1918 | 4.10.1914 | 100 |
Naustdal | 1908? | 23.9.1917 | 100 |
Jølster | 1905 | 22.10.1905 | 100 |
Vevring | 1909 | 1.7.1906 | 100 |
Bru | 1916 | 22.3.1906 | 91 |
Kinn (med Florø) | 1909 | --- | 63 |
Eikefjord | 1907 | 14.10.1917 | 100 |
Bremanger | 1907 | 26.11.1905 | 100 |
Sør-Vågsøy | 1919 | 21.8.1910 | 37 |
Nord-Vågsøy | 1913 | 5.5.1907 | 100 |
Selje | 1913 | 16.12.1906 | 69 |
Davik | 1909 | 2.6.1907 | 95 |
Eid | 1907 | 22.4.1906 | 100 |
Hornindal | 1908 | 5.8.1906 | 100 |
Gloppen | 1908 | 30.7.1905 | 100 |
Breim | 1909 | 21.10.1906 | 100 |
Innvik | 1906 | 10.12.1905 | 100 |
Stryn | 1897 | 8.7.1906 | 100 |
Sjå òg metodeartikkelen om lokal språkstrid.
Kjelde
- Hovdan, Peder. (1928). Frå folkemål til riksmål. Blad or Noregs nyaste målsoga. Oslo: Noregs mållag, s. 88 (Digital utgåve, NBdigital).
- Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 391 (Digital utgåve, NBdigital)
- Grepstad, Ottar. (2012). Språkfakta Sogn og Fjordane 1646-2012. Nynorsk kultursentrum, særleg tab. 40. (Digital utgåve, Nynorsk kultursentrum)