Jens Aarsand
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Jens Aarsand (født 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død?) var lærar. Han deltok dessutan i kristeleg ungdomsarbeid.
Han var son av bonde Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Jens Aarsand tok eksamen ved Holmestrand lærerskole i 1916. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.
Som nyutdanna var han lærar i krinsane Nordrepollen og Tveitnes i heimbygda Kvinnherad. Alt året etter vart han tilsett ved Kvalavåg skule på Avaldsnes. Attåt arbeidet i folkeskulen var han i mange år òg lærar i framhaldsskulen i bygda.
Aarsand vart 19. desember 1923 gift med lærarinne Gjertrud Grøtnes, dotter av bonde Hans Grøtnes og Gunhild f. Bjerkan. Dei fekk tre søner og to døtre.
Kilder og litteratur
- [ DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. )]
- Mal:Folketelling person
- Mal:Folketelling person
Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket