Øistein Aarseth
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Øistein Aarseth (fødd 1. desember 1904 i Flatanger, død?) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar i Flatanger i Nord-Trøndelag. Han var mellom anna ordførar i bygda 1938-40 og frå 1945.
Han var son av kjøpmann Anton Aarseth og Karen f. Lindseth. Øistein Aarseth tok millomskuleeksamen i 1922 og eksamen ved Oslo lærerskole i 1926.
I 1923 vikarierte han eit halvt år i Nordli, og året etter gjorde han det same i heimbygda Flatanger. I 1926 vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Sørflatanger. Lærarposten på Hilstad skule vart tradisjonelt kombinert med klokkarstillinga i Vik kyrkje.
Utanom ordførarvervet hadde Øistein Aarseth fleire ombod. Han var formann i idrettsrådet i Flatanger, satt som lagrettemann og var medlem av Nord-Trøndelag fylke sitt tilsetjingsråd for lensmenn. I 1931 vart han innvald i styret i avholdslaget Symra. Under andre verdskrigen, i mai 1943, vart han arrestert av tyskarane og sat fanga eitt år, fyrst i Trondheim og dinest på Saltfjellet.
Aarseth vart i 1927 gift med Margrete Fuglår, dotter av kyrkjesongar Samuel Fuglår og Severine. Dei fekk ein son og fire døtrer.