Saltfjellet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Polarsirkelstøtta på Saltfjellet.
Foto: Hesse1309 (2003).

Saltfjellet (bokm./nyn.) eller Sáltoduoddar (pitesam.), òg skrive Sáltoduottar (nordsam.) og Sálltoduottar (lules.), er eit høgfjellsområde mellom Rana og Saltfjorden i Nordland fylke. I trongaste meining blir namnet brukt om høgfjellsområdet mellom Dunderlandsdalen, Svartisen, Saltdalen/Junkerdalen og grensa mot Arjeplogs kommun i Sverige. Dette området dekkjer delar av kommunane Rana, Saltdal og Beiarn. I vidaste meining blir områda kring Svartisen og ned mot kysten medteke — og dermed delar av Gildeskål, Meløy og Rødøy kommunar. I samisk samanheng utgjer Saltfjellet (i vidaste meining) og området kring Saltfjorden i Nordland fylke så vel som den nordlige delen av Arjeplogs kommun i Norrbottens län kjerneområdet for pitesamisk kultur. I bondesamfunnet utgjer Saltfjellet derimot grensa mellom distrikta Helgeland og Salten.

På Saltfjellet kryssar E6 og Nordlandsbanen Polarsirkelen, og dermed er fjellet den staden i Noreg der flest menneske kryssar Polarsirkelen.