Stødi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Søjjdden på Stødi.
Foto:  Bjørn Utne

Stødi er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi ligg ved det høgaste området, kring 700 moh., av fjellpasset mellom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Aust-søraust for Stødi ligg toppen Sváńgavárre (904 moh.) nærmast, og austom denne att Sváńga (Svangsfjellet) mot grensa til Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige. Vestom passet ligg Bolnatind (1389 moh.). Frå gammalt av er Stødi særlig kjent for sæjjden — ein samisk offerstad som var i bruk fram til innpå 1800-talet. Frå 1947 til 1949 var det haldeplass på Nordlandsbanen her, og frå 1950 til sommaren 1967 hadde Stødi status som jarnbanestasjon. Rett nordom stasjonsområdet og austom jarnbanelina ligg Semska–Stødi naturreservat, som blei etablert i 1976.

Sæjjden

Sæjjde (pitesam.; lules. siejjde, nordsam. sieidi) er fellesnamnet for samiske offerplassar ved naturlige steinformasjonar. Sæjjden ved Stødi ligg kring 100 meter sørom den tidligare jarnbanestasjonen. Han består av tre store steinblokkar. Inntil nyare tid var området steinlagt, og det var ein árran (steinsett eldstad) ved kvar av dei tre steinblokkane.[1]

Bilvegen over Saltfjellet

Arbeidet med å få til bilveg over Saltfjellet begynte frå Saltdalen i 1930 og frå Dunderlandsdalen i daverande Nord-Rana i 1931. Da vegen vart offisielt opna av kong Haakon VII av Norge laurdag den 3. juli 1937, skjedde dette på Stødi — rett ved kommunegrensa mellom Nord-Rana på Helgelandssida og Saltdal på Salten-sida.[2]

Stødi stasjon

Den tidligare Stødi stasjon sett frå nordgåande nattog i mars 2010.
Foto: Olve Utne

Strekninga DunderlandLønsdalNordlandsbanen blei opna onsdag den 10. desember 1947, og frå same dagen var Stødi kryssingsspor utan ekspedisjonslokale men med haldeplass.[3] Søndag 1. januar 1950 blei Stødi oppgradert til stasjon.[3] Søndag den 20. august 1967 vart Stødi stasjon nedlagt, og Stødi blei definert som haldeplass utan togstopp med nedlagt men intakt lastespor.[3] Stasjonsbygninga og de tidligare vaktarbustadene er i privat eige no.

Fotnotar

  1. S. 48 av Simonsen, Povl: Fortidsminner nord for Polarsirkelen. Tromsø : Universitetsforlaget, 1970.
  2. «Kong Haakon taler ved steinen på Stødi under åpningen av veien over Saltfjellet i 1937», eit scanna postkort på Webshots.com
  3. 3,0 3,1 3,2 «Stødi» i Stasjonsdatabasen til Norsk jernbaneklubb

Pekarar