Lulesamisk
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom tornesamisk (oftast klassifisert som nordsamisk) i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og delar av Narvik kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare og i Jokkmokk kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen. Ved delinga av Tysfjord kommune 01.01.2020 vart denne statusen overført til nye Hamarøy kommune.
Alfabet
Det moderne lulesamiske alfabetet er, med eldre former i parentes:
- Aa Áá Bb Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Ŋŋ (= Ńń, Ññ) Oo Pp Rr Ss Tt Uu Vv (= Ww) Ææ/Ää Åå
I tillegg kjem diftongane:
- ie, oa, uo
Vokalen æ/ä blir også uttalt som diftong av mange: eæ. Andre uttaler han som ein lang æ-lyd.
Ein del konsonantlydar blir skrivne med to bokstavar:
- dj, nj, sj, tj, ts
I tillegg blir desse bokstavane brukt i lånord:
- Cc, Qq, Xx, Yy, Zz, Øø/Öö
Grammatikk
Substantiv
Pronomen
Verb
Talord
Grunntal
0 | nulla = nållå | 10 | lågev | 20 | guoktalåhke |
1 | akta | 11 | lågenanakta | 21 | guoktalåkakta |
2 | guokta | 12 | lågenanguokta | 22 | guoktalåkguokta |
3 | gålmmå | 13 | lågenangållmå | 23 | guoktalåkgålmmå |
4 | niellja | 14 | lågenanniellja | 24 | guoktalåkniellja |
5 | vihtta | 15 | lågenanvihtta | 25 | guoktalåkvihtta |
6 | guhtta | 16 | lågenanguhtta | 26 | guoktalåkguhtta |
7 | gietjav | 17 | lågenangietjav | 27 | guoktalåkgietjav |
8 | gáktsa | 18 | lågenanáktsa | 28 | guoktalåkgáktsa |
9 | aktse | 19 | lågenanaktse | 29 | guoktalåkaktse |
Historie
Skriftspråk
Det lulesamiske skriftspråket vart etablert av Lars Levi Læstadius (1800–1861) med det religiøse verket Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan ('Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande', 1837 el. 1839). I 1844 gav han ut Tåluts suptsasah, ei bibelhistorie på 259 sider.
Sjå også
Lenkjer
- Lulesamisk ordboksapp ved Simon Paulsen
Kjelder og litteratur