Forside:Lulesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Lulesamer»)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Lulesamisk historie og kultur
Foto: Olve Utne

Lulesamar er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt held til i Lule lappmark i Sverige og i Nord-Salten i Nordland fylke. Det meir nøyaktige utbreiingsområdet i Nordland er frå Mistfjorden i Bodø kommune og Fauskeeidet i Fauske kommune og nordetter områda kring Folda og Tysfjorden. Overgangen til det markasamiske, som blir rekna til det nordsamiske området er flytande; likeleis overgangen mot det pitesamiske kring Saltfjorden. Opphavet til lulesamane i Nord-Salten inkluderer ei stor gruppe samar med tilknyting til Lule lappmark som flytta ned mot kysten da beitet svikta austom kjølen på 1700-talet. Det lulesamiske språket, som blir snakka av kring to tusen lulesamar, hører til den sentralsamiske dialektgruppa saman med nordsamisk og pitesamisk.   Les mer ...

 
Smakebitar
Eldre samisk salmebok som har blitt brukt blant lulesamane.
Foto: Olve Utne
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom tornesamisk (oftast klassifisert som nordsamisk) i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og delar av Narvik kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare og i Jokkmokk kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen. Ved delinga av Tysfjord kommune 01.01.2020 vart denne statusen overført til nye Hamarøy kommune.   Les mer …

Husmannsplassen Kjelvik slik den er bevart som museum og samisk kulturminne.
Foto: Olve Utne (2009)
Kjelvik var en husmannsplass under Sørfjordmo i Sørfold kommune. Plassen eies av Sørfold Lokalhistorielag, og er et viktig samisk kulturminne. Den drives som en del av Nordlandsmuseet. Plassen ble rydda på 1700-tallet, i et område som lenge hadde vært brukt til reinbeite av lulesamer som vandra mellom Sverige og Norge. Husmannsfolket på plassen var etterkommere av reindriftssamer, som hadde beslutta å bli bofaste. Plassen var i drift som småbruk helt til den siste eieren døde i 1967.   Les mer …

Bårjås er eit lulesamisk populærvitskapleg tidsskrift som blir utgjeve av det lulesamiske muséet og kultursenteret Árran (Tysfjord)Drag i Hamarøy kommune. Tidsskriftet har komme ut sidan 1999 og kjem ut med eitt nummer i året.   Les mer …

Sáme girjjebussa (lulesam.) eller Lulesamisk bokbuss er ein bokbuss som blir driven av Tysfjord folkebibliotekDrag. Eigar av bussen og ansvarlig for personalet er Tysfjord kommune. Bøkene inkluderer generelle bøker på samisk, med hovudvekt på lulesamisk, så vel som bøker om samiske emne på både samisk og skandinavisk. Dei har ein del generell fag- og skjønlitteratur på norsk og svensk òg. I tillegg har dei informasjonsmateriell om Sametinget i Norge. Sáme girjjebussa kom i gang hausten 2001. I tillegg til at bussen dekkjer Tysfjord kommune, har han turar til Evenes, Narvik og Ballangen kommunar i Ofoten og til Hamarøy, Sørfold og Fauske kommunar i Salten. I 2004 gikk Gällivare og Jokkmokk kommunar i Norrbottens län inn i samarbeid med Tysfjord, og sidan den tid har bussen gått fire turar i året til Gällivare og Jokkmokk òg.   Les mer …

Buvvda jala Bådåddjo.
Foto: Olve Utne
Buvvda (bidumsámen) jala Bådåddjo (julevsámen), nuarrtasámen Budejju ja vuonagielan Bodø, lä stáđđa ja kommuvdna Sálton ja Nordlánda fylka fyllkaåjjvestáđđa. Lä 47 280 (1.1.2010) vieso Buvda kommuvnan. Stáđđa lij vuododum 1816, ja suv dullutj namma lij Hundholmen, jala ‘biednaga-sullutj’ bidumsámen.   Les mer …

Foto: Olve Utne
Fuassko (bidumsámen; julevsámen Fuossko) jala Fuajjsko (bidumsámen)), vuonagielan Fauske, le stáđđa ja kommuvdna Sálton. Lä 9 634 (1.1.2011) vieso Fuosko kommuvnan. Fuosko kommuvna plássa lä Fuassko. Ietjá dáfo Fuosko kommuvnan lä Valnesfjord, Finnájjde ja Sulidälbmá.   Les mer …
 
Kategoriar for Lulesamisk historie og kultur
 
Andre artiklar