Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere. Les mer …
Skoltesamar mjølkar rein ved Mutkajavre ved Enare seint på 1800-talet. Foto: Ellisif Wessel.
Reinost ( nynorsk/ bokmål; bokmål/ svensk renost; sørsamisk bovtsenvuasta; pitesamisk buhtsuvuässta -st-; lulesamisk boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr ( Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger ( lulesamisk dæjvvo -jv-) eller utskore tre ( lulesamisk skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga. Les mer …
Det fremste av dei to reinsdyra på Sagelv helleristningsfelt sett frå motsett side av elva. Foto: Olve Utne
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturlig størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire ulike syn på dateringa av feltet — frå så tidlig som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt. Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidligaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei taua ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt. Les mer …
Det var hausten 1987 eg deltok på reinsjakt i Lesjafjella første gongen. Eg hadde flytta til bygda fem år før som tilsett bygdebokforfattar. Eg hugsar at første året eg budde i den bygda stussa eg over kvar det vart av mange av karane når vi kom inn mot 20. august, og at det var vanskeleg å avvikle møte frå den datoen og tre vekers tid utover.
Men det fekk eg raskt kunnskap om: reinsjakta! Eg har mange gonger seinare tenkt på kor mykje som ligg i mor Åses utsegn til Peer om å renne til fjells månadsvis i travle onna – det var nok ikkje noko gamle Ibsen tok ut av fantasien, nei. Les mer …
|