Reindrift på Island
På siste delen av 1700-talet vart det gjort forsøk på å sette i gang reindrift på Island, og i åra 1771–1787 så vel som kring 1850 vart det utsett rein fleire plassar der, inkludert sørvest, nord og aust på Island. Reinane vart innført frå Noreg, og blant dei som stilte dyr til rådigheit veit vi i alle fall om fjellfinnen Peder Jansen, som selde seks reinar til kongen og forærte enda tretti til for det formålet. Peder Jansen vart prisa av amtmann Ole Hannibal Sommerfelt på vintertinget i Alta i 1789, og skriftet Et Par Ord (1790) byggjer på denne talen. Reinane på Island vart snart forvilla. Det finst enno reinar på Aust-Island.
Bildegalleri
Reinar i Búðareyri i Suður-Múlasýsla på austsida av Island. Foto: Tristan Ferne, april 2007.
Rein i Búðareyri i Suður-Múlasýsla på austsida av Island. Foto: Tristan Ferne, april 2007.
Felt reinhorn i Búðareyri i Suður-Múlasýsla på austsida av Island. Foto: Tristan Ferne, april 2007.
Kjelder
- «Ole Hannibal Sommerfelt – utdypning» på snl.no
- «Reindeer» på Nat.is