Forside:Samisk byggeskikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
Samer • finner/kvener • romanifolk • rom • jøder
sørsamer • umesamer • pitesamer • lulesamer • nordsamer • austsamer
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Samisk byggeskikk
Bogestongsramme i sørsamisk kåte. Bogestongskonstruksjonen er tradisjonelt ein reint samisk byggjemåte.
Foto: Olve Utne

Til samisk byggjeskikk reknar vi konvensjonelt først og fremst med byggstrukturar i samband med reindrift, jakt og innlandsfiske, men byggstrukturar i samband med samisk jordbruk og kystfiske utgjer òg ein del av samisk byggeskikk. Karakteristiske bygningstypar inkluderer lavvo, kåte/gamme og njalla. Typiske konstruksjonsteknikkar er kløftstongsramme, bogestongsramme, lafting og stavverk — ofte i kombinasjon.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Husmannsplassen Kjelvik slik den er bevart som museum og samisk kulturminne.
Foto: Olve Utne (2009)
Kjelvik var en husmannsplass under Sørfjordmo i Sørfold kommune. Plassen eies av Sørfold Lokalhistorielag, og er et viktig samisk kulturminne. Den drives som en del av Nordlandsmuseet. Plassen ble rydda på 1700-tallet, i et område som lenge hadde vært brukt til reinbeite av lulesamer som vandra mellom Sverige og Norge. Husmannsfolket på plassen var etterkommere av reindriftssamer, som hadde beslutta å bli bofaste. Plassen var i drift som småbruk helt til den siste eieren døde i 1967.   Les mer …

Pitesamisk dimbargåhteSkeppsholmen i Arjeplog.
Foto: Olve Utne
Ei tømmerkåte (sv. timmerkåta), pitesam. dimbargåhte, er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte».   Les mer …

Skoltesamisk gamme (torvkåte) ved Kirkenes.
Kåte (frå samisk) og gamme er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for samisk kultur i Skandinavia. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: kløftstongskåte (lavvo); bogestongskåte og lafta kåter. Kløftstongskåta eller lavvoen (frå nordsamisk lávvu og lulesamisk lávvo) blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt. Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Ved permanente kåter legg ein opp ein steinring der veggen skal stå. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma, som blir oppsett innanfor eller oppå steinringen, blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av strangar (eller fjøler) med fleire lag never utanpå.   Les mer …

Ein strange er ein tynn trestamme, f.eks. av bjørk eller rogn, som er kappa av rot og kvista. Ein del strangar blir gjerne frakta heim og kappa til småved. Tynne strangar kan for eksempel brukast til styrestong når ein renner på kjelke. Noko tjukkare og stivare strangar kan brukast som rajer i skigardar eller hesjer. I samisk samanheng kan strangar brukast til kåter — både som innvendige mellomstenger utanpå grunnramma og som ytterdekke utanpå never og eventuell torv. Tørkestativet som blir kalla luovve blir gjerne bygd av bjørkestrangar.   Les mer …

Sørsamisk buvrie på friluftsmuseet Skansen i Stockholm.
Foto:  «M.prinke»
Ein ájtte (lules.), ájjte (pitesam.), ájttie (umesam.) eller buvrie (sørsam.) er eit stabbur som står på fire eller fleire ofte relativt høge trestammar.   Les mer …

Foto: Olve Utne
Ein njalla (umesam./pitesam./lules.; nordsam. njálla; skolt.sam. njõll) eller ein njalle (sørsam.) er eit stabbur som står oppå éin trestamme for å halde skadedyr unna maten. (Unntaksvis kan ein njalla stå på to stammar.) Njallaen er oftast lafta, og han er som regel mykje mindre enn ájtte — stabbur som står på fire eller fleire stammar/stabbar. Njallaen har normalt ikkje noka form for sval eller platting utanfor døra, men botnstokken stikk ut forbi døropninga og tener som støtte for stigen. Stigen er hogd or éin stokk og kan tradisjonelt leggast til sides når han ikkje er i bruk.   Les mer …
 
Eksterne ressursar
Forside:Samisk byggeskikk/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Samisk byggeskikk
 
Andre artiklar