Samiske språk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.

Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk har òg somme morsmålstalarar i Norge, og revitaliseringsarbeid er i gang. Skoltesamisk og umesamisk er lokalt utdøydd som morsmål i Norge, men revitalisering er aktuelt. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige. I Finland har nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk morsmålstalarar.

Inndeling

Historie

Forvaltningsområdet for samisk språk

Samisk og norsk vart jamstilte språk «med lov av 1990 (etter reglene i kap. 3 i Sameloven)».[1] Samelova gjev heimel for å opprette eit forvaltingsområde for samisk språk.[2] «I dette området skal det være en fullstendig likestilling av det samiske og det norske språk i offisielle sammenhenger» (Skogvang 2002:135). Språkreglane i sameloven vart iverksette i 1992. I dag desse kommunane med i det samiske forvaltningsområdet i Noreg: Guovdageainnu suohkan/Kautokeino kommune, Kárášjoga gielda/Karasjok kommune, Deanu gielda/Tana kommune, Unjárgga gielda/Nesseby kommune, Porsáŋggu gielda/Porsanger kommune, Gáivuona suohkan/Kåfjord kommune og Loabága suohkan/Lavangen kommune i Troms og Finnmark, Hábmera suohkan/Hamarøy kommune og Aarborten tjïelte/Hattfjelldal kommune i Nordland, Snåasen tjïelte/Snåsa kommune, Raarvihken Tjielte/Røyrvik kommune og Røros kommune i Trøndelag. Dei tre nordlegaste fylkeskommunane, Troms og Finnmark, Nordland og Trøndelag høyrer også til i forvaltingsområdet for samisk språk.[3]

Samisk som forvaltningsspråk i Guovdageainnu suohkan/Kautokeino kommune

Kautokeino har vore ein del av det samiske forvaltningsområdet frå det vart oppretta, og samisk hadde også vore brukt som administrasjonsspråk i kommunen i nokre før lova kom. I 1981 vart det nemnt i eit forslag til tillegg til eit vedtak om tolketeneste i Kautokeino at kommunestyret i Kautokeino “gjennom generalplan og ved enkelte vedtak [hadde] sagt at samisk bør bli likestilt med norsk som administrasjonsspråk".[4] I møte 12.2.1982 vedtok kommunestyret å tilsetje kommunal tolk og opnar på det viset for at innlegg i kommunestyret kan haldast på samisk utan at talaren sjølv måtte tolke til norsk.[5] Også i den førre kommunestyreperioden hadde det komme framlegg om å tilsetje tolk, men da fekk ikkje framlegget fleirtal. Sámi álbmotlistu / Samefolkets liste hadde tilsetjing av tolk som et punkt i arbeidsprogrammet,[6] og i 1981 fekk dei fleirtal for dette synet i kommunestyret, 10 år før dette vart nedfelt i nasjonale lovar. Samisk er i det heile tatt styrkt som bruksspråk i Noreg i det offentlege rommet i åra etter at det vart opna for samiskundervisning i norsk grunnskule i 1963, eit vedtak som førte til at det vart sett i gang byrjarundervisning på samisk i Kautokeino og Karasjok i 1967. [7]

Bibliografi

Kjelder

  1. Eira, Inger-Marie Gaup/Miggal-Niillasa Issát-Niillasa Inger Márjá. 2004: Sámegiella Davviriikkain. Stáhtus- ja domenačielggadeapmi / Sami language in Nordic countries. Status- and domain clarification / Samisk språk i Norden. Status- og domeneutredning, s. 25, 179. Dieđut 4/2004. Guovdageaidnu: Sámi Instituhtta.
  2. Skogvang, Susann Funderud 2002: Samerett. Om samenes rett til en fortid, nåtid og framtid, s. 135. Oslo: Universitetsforlaget
  3. https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/samepolitikk/samiske-sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom/id633281/
  4. Møtebok for Kautokeino kommunestyre, møtedato 18. og 21.12. 1981)
  5. Møtebok for Kautokeino kommunestyremøte 121.2.1982
  6. Sámiálbmotlistu 1979
  7. Dannemark, Nils I.S. 2010: Variasjon og mønster, s. 10. Dr.avh, UiT.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!