Hesje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hesjing på Hals, AureNordmøre.
Foto: Olve Utne (2013).

Ei hesje (òg kalla hes i eintal somme stader på Vestlandet og i Nord-Noreg) er eit stativ av loddrette staurar med vassrette strangar eller strenger til å tørke gras, kornband og liknande i. Hesjene held graset opp frå marka slik at ein minimaliserer fuktinnslag frå jorda; regn renn av i staden for å samle seg opp; og sola og vinden kjem lettare til, slik at tørkinga kan skje fortare enn i såter. Hesjing er meir arbeidskrevande enn flathøy, og tørkinga tek lengre tid, men ein er mindre avhengig av gode tørkeforhold, ettersom høyet kan henge i fleire veker utan å råtne om ein har hesja rett.

Kan noen ta en kikk på dette? Trenger hjelp med: Her vil vi gjerne ha lokale døme på hesjemetodar – det er skilnad frå stad til stad korleis ein gjer dette.


Galleri