Strange

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein strange er ein tynn trestamme, f.eks. av bjørk eller rogn, som er kappa av rot og kvista. Ein del strangar blir gjerne frakta heim og kappa til småved. Tynne strangar kan for eksempel brukast til styrestong når ein renner på kjelke. Noko tjukkare og stivare strangar kan brukast som rajer i skigardar eller hesjer. I samisk samanheng kan strangar brukast til kåter — både som innvendige mellomstenger utanpå grunnramma og som ytterdekke utanpå never og eventuell torv. Tørkestativet som blir kalla luovve blir gjerne bygd av bjørkestrangar.

Kjelder og litteratur