Skoltesamar mjølkar rein ved Mutkajavre ved Enare seint på 1800-talet.
Foto: Ellisif Wessel.
Reinost (
nyn./
bokm.;
bokm./
sv. renost;
sørsam. bovtsenvuasta;
pitesam. buhtsuvuässta -st-;
lules. boahttsuvuosstá -st-) er ein
ost som tradisjonelt er basert på
reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken
harr (
Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (
lules. dæjvvo -jv-) eller utskore tre (
lules. skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som
ost i
kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i
verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga.
Les mer …