Fangstanlegg ved Gravranden, Lesja
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere.
Bilde av anlegget
Gropene ned mot tjønna Foto: Arnfinn Kjelland (2018)
Plasseringa av anlegget mellom Gravranden og tjønna Foto: Arnfinn Kjelland (2018)
Litteratur
- Mølmen, Øystein 1979: Villreinen i Snøhetta-feltet. En registrering av fortidsminner etter den gamle villreinfangsten, reinens bruk av feltet, trekkveier, kalvingsområder, historikk m. v. NVE, Statskraftverkene. S. 171. Digital versjon på Nettbiblioteket