Mjølkerein

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skoltesamar mjølkar ein rein, trulig i 1890-åra.

Ein mjølkerein (bokmål òg melkerein) eller mjølkarrein er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkereinane ein vesentlig del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nokre få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkereindrift har vore vanlig i store delar av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkereindrifta stort sett forsvunne.

Trøa

Reinar i trøa ved Båtsuoj Samecenter i Arjeplogs kommun.
Foto: Olve Utne (2012).

I den intensive reindrifta, og kanskje særlig blant skogssamar, blir reinane tradisjonelt haldne i inngjerda trøer om nettene, og så beitar dei i eit større område, under tilsyn, om dagane. I løpet av sommaren blir flokken flytta frå beiteområde til beiteområde, med ei eiga trø i kvart område. I denne trøa kan heile flokken haldast om han er liten, og mjølkereinane om flokken er stor. Dermed får ein høgt beitetrykk i trøa ein del av sesongen — med trimming av trea i og kring lysninga og rikelig med reingjødsel; og i kviletida får graset ro til å etablere seg og vakse seg sterkare. Resultatet blir ein frodig, grasrik voll, gjerne med open, rettvaksen bjørkaskog, i motsetning til bjørkekratta som er meir typiske for ubeitt landskap og vinterbeiteområde.

Buplassen

Ein njalle (ei stolpebu) ved Storuman i Västerbottens län.
Foto: Olve Utne

Innpå eller rett attmed trøa er det tradisjonelt sesongbuplass for reingjetarfamilien. Det kan vera ei eller fleire kåter og eit stabbur, f.eks. ein njalle (stolpebu) eller buvrie/ájtte (stabbur). Stundom er det ei lita kåte eller eit lite sommarfjøs for ei eller fleire geiter òg — kanskje særlig i nord.

Mjølkinga

Jura på reinen sitt veldig nært bakbeina. Det fungerer ikkje særlig godt å mjølke i bøtte, slik ein kan gjera med ku eller geit.
Foto: Olve Utne
Lulesamisk náhppe frå Jokkmokk.

Tradisjonelt blir reinane mjølka annankvar dag. På mjølkardagane får kalvane oftast ein skråavva — ein tynn munnkavle (pinne) av eine eller rogn fastbunden med ulltråd kring nakken attast i munnen, slik at dei kan eta fritt, men ikkje suge. Mjølka blir samla i ein kopp med skaft. Denne koppen blir kalla naehpiesørsamisk, náhppepite- og lulesamisk, og náhppinordsamisk. Koppen er liten og smalnar gjerne øvst; kvar rein gjev berre kring ein desiliter mjølk, og det er ikkje uvanlig at simla er urolig når ho blir mjølka.

Bruk av mjølka

Reinmjølka er relativt rund i smaken og har svært høgt næringsinnhald, inkludert mykje proteinar. Hovudbruken av reinmjølk er som råvare til reinost. Reinosten blir tørka og somtid røykt. Han held seg lenge og kan blant anna skavast av oppi kaffen som kaffemjølk. Reinosten har vore sentral i byttehandelen mellom reindriftssamar og fastbuande.

Konflikt og avvikling

Over tid blir trøplassane til fine vollar, og på grunn av måten reindrifta fungerer på, ligg kvar trøplass tom ein stor del av sommaren. I mange fall har bufaste bønder teke i bruk slike trøplassar som sæter eller utmarksslått. I området kring Røros, som har vore prega av eit sterkt press på både skog til verket og dyrkamark til arbeidarane sidan gruvedrifta begynte på 1600-talet, har framrykkinga av sætrer, som i sin tur har vorte til gardar med nye sætrer lengre til skogs. Trollheimen har òg vore eit konfliktområde i lengre tid. Både i Bardu og Målselv og i Pasvikdalen har det gamle reindriftskulturlandskapet vorte utporsjonert til nybyggjarar som etablerte ikkje-nomadisk gardsdrift.

Samtidig som gardsbruka har trekt stadig lengre inn i tradisjonelt reindriftssamiske område — dels gjennom overgang frå reindrift til gardsdrift, dels gjennom lokal ekspansjon av det etnisk norske bondesamfunnet, og dels gjennom offentlige kampanjar, inkludert Ny Jord-prosjektet, har òg den samiske reindriftskulturen vorte pressa over frå intensiv mjølkereindrift med relativt tamme dyr til ekstensiv kjøttreindrift med mindre kontroll med flokken som resultat. Det har vore mange konfliktar kring bruksrettsfordelinga, inkludert i rettssystemet, heilt opp til våre dagar.

Kjelder

  • Fjellheim, Sverre: Samer i Rørostraktene. [s.l.] : forf., 1989. ISBN 8299252237
  • Fjellheim, Sverre: Gåebrien sijte : en sameby i Rørostraktene. Røros : Sverre Fjellheim, cop. 2012. ISBN 9788299902809
  • Skjenneberg, Sven: Reindriften og dens naturgrunnlag. Oslo : Universitetsforlaget, cop. 1968.