Njalla

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Njalle»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Njalla ved Båtsuoj Samecenter i Arjeplogs kommun.
Foto: Olve Utne

Ein njalla (umesamisk/pitesamisk/lulesamisk; nordsamisk njálla; skoltesamisk njõll) eller ein njalle (sørsamisk) er eit stabbur som står oppå éin trestamme for å halde skadedyr unna maten. (Unntaksvis kan ein njalla stå på to stammar.) Njallaen er oftast lafta, og han er som regel mykje mindre enn ájtte — stabbur som står på fire eller fleire stammar/stabbar. Njallaen har normalt ikkje noka form for sval eller platting utanfor døra, men botnstokken stikk ut forbi døropninga og tener som støtte for stigen. Stigen er hogd or éin stokk og kan tradisjonelt leggast til sides når han ikkje er i bruk.

Stigen, som er hogd or ein stokk, ligg an mot botnstokken i sjølve njallaen.
Foto: Olve Utne

Sjå òg