Lappgeit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lappgeit.
Foto: Jon Julius Sandal

Lappgeit (svensk lappget) er ein gammal geiterase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geiterasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 277 alsdyr (desember 2016)[1] blir rasen framleis rekna som kritisk truga.[2]

Skildring

geiter bukkar
vekt 30–50 kg 40–80 kg
mankehøgd 50–60 cm 60–70 cm

Lappgeita er gjerne noko kortbeint med relativt langt ragg. Både bukkar og geiter har horn. Grunnfargen i pelsen er ofte kvit, men grå, svart og viltfarga finst òg.

Geita i reindriftssamisk kultur

Pite- eller lulesamisk kvinne mjølkar geiter ved kåta.
Foto: Oscar Halldin, 1916

I bufinn-kulturen har geita vore bruka som husdyr for mjølk så vel som kjøtt på liknande vis som i den øvrige småbruks- og fiskarbefolkninga langs kysten.

Blant reindriftssamar har det vore vanlig i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanlig å skaffe seg nokon få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidlig på året, medan reinkalven helst trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren. På dei faste leirplassane vart det gjerne bygd ei eiga kåte som geitfjøs (så geitene sleppte unna myggen om nettene), men elles var geitene med reinflokken frå våren til hausten. Dermed var det viktig at geitene var herdige — både med at dei tolte kaldt vêr og med at dei kunne gå langt. Dei typiske geitene var robuste og tettbygde. Ut frå dei bevarte «lappgeitene» veit vi at dei såg ut på lag som andre nordskandinaviske geiter, men at dei gjerne hadde kortare bein og lengre ragg.

Sytingsgeiter

Fatmomakke tidlig på 1900-talet. Fatmomakke har vore samisk samlingsstad i lange tider og fikk etter kvart ein del nybyggjarar. Mange lappgeiter har nok overvintra her i tidligare tider. Det var frå Fatmomakke at dei lappgeitene kom som vart attoppdaga i 2001.

Om vinteren, med ekstremt låge temperaturar og vandring i djupsnø, var det sjølvsagt ikkje praktisk at geitene var med reinflokken. Derfor var det vanlig at geitene vart haldne i fjøs over vinteren. Det var vanlig at fastbuande småbrukarar (det kunne vera bufinnar eller ikkje-samar; i Sverige var det ofte nybyggjarar) tok vare på geitene. Dei beheldt da all eventuell mjølk, og dei fikk òg kompensasjon for at dei passa geitene. Den kompensasjonen varierte, men kunne bl.a. inkludere reinslakt (gjerne éin reinokse for to geiter) eller sytingsrein — at dei fastbuande eigde reinar i flokken til reindriftssamane.

Slutten av sytingsgeit-systemet

Det var fleire faktorar som gjorde at sytingsgeit-systemet forsvann. I Sverige inneheldt den nye reinbeiteloven av 1928 eit tak på fem geiter per hushald. Reguleringa av grensa mellom Sverige og Norge førte òg med seg restriksjonar i antal geiter, og etterkvart òg fullt forbod mot reinflytting langs dei gamle flyttvegane over Kjølen. Restriksjonane og forbodet mot sytingsrein var med på å bryte ned verdde-systemet, og pengehushaldet, inkludert tilgang på tørrmjølk, førte òg med seg at fleirsysling vart mindre rasjonelt. I Sverige vart det slutt på lappgeithaldet i løpet av 1960-åra.

Berging av lappgeit-rasen

I 2001 vart det funne nokre få lappgeiter i Fatmomakke. Desse geitene var på veg til å bli slakta, men vart i staden kjøpt av Mikael Ågren og Annsofie Lund. Dei overlet i sin tur geitene, som det da var 13 av, til Björksta Stuteri i Umeå våren 2002. To geiter til dukka opp i Vilhelmina i 2004. Alle desse geitene har vorte olne på, og per februar 2010 var antalet alsdyr oppe i kring 100. Ved utgangen av 2016 var antalet komme opp i 224 geiter og 53 bukkar. Lappgeitene som vi kjenner dei frå desse dyra er normal- til kortbeinte; dei er ofte kvite, men med ein del variasjon; dei har langt ragg; og alle geitene til no har horn.

Referansar

  1. «Lappget» på Allmogegeten.se
  2. «Bevaringsverdige husdyrraser» på Nibio.no

Eksterne lenkjer