Pitesamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur.

Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.

Tømmerkåter og stabbur i Arvidsjaur.
Foto: Jürgen Howaldt

Dei kommunane som særlig har hatt pitesamisk busetjing i Noreg er (delar av) Rana kommune på Helgeland og Saltdal, Fauske, Bodø og Beiarn kommunar i Sør-Salten.

Folkeminne, religion og livssyn

Gåbdes — runebomma

Skjematisk oversikt over ume-, pite- og lulesamiske trommeinndelingar.

Pitesamiske runebommer er karakterisert ved at trommeskinnet, som sett rett ovafrå typisk sett er ovalt med ein relativt butt overende og smalnande nederende, er inndelt i eit øvre felt og to nedre felt — sjå diagram. Totalt finst det éi sikker og to trulige pitesamiske runebommer att i tillegg til éi som enten er frå Pite eller Lule lappmark:

  1. Ei skåltromme frå Pite lappmark, no i University Museum of Archaeology and Anthropology i Cambridge i England
  2. Ei skåltromme, trulig frå Pite lappmark, no i Museum für Völkerkunde, Hamburg
  3. Ei skåltromme først nemnt i 1681, trulig frå Pite lappmark, no i Department of Ethnography ved British Museum, London
  4. Ei skåltromme, trulig frå enten Pite eller Lule lappmark, no i privat eige i Sverige

Alle desse har vorte avteikna av Ernst Manker. Eit skåltrommefragment av ukjent alder frå Steigen i Salten, no ved Salten museum i Bodø, hører trulig heller til den lulesamiske tradisjonen om vi skal gå ut frå at språk- og kulturgrensene fram mot vår tid attspeglar situasjonen på den tida denne runebomma var i bruk.

Kart over Nordland fylke med det historiske utbreiingsområdet i Norge for pitesamisk (fiolett) og lulesamisk språk og kultur.

Vuolle — joik

Satellittbilde av området kring Saltfjorden med samiske stadnamn innskrivne i gult. Klikk på kartet for større versjon.

Bibliografi

Generelt

Skum, Randi A.: Samiske kulturmiljøer og kulturminner i Gildeskål og Beiarn : områdene Sundsfjorddalen - Beiardalen. [Karasjok] : Samisk kulturminneråd, 1997.[1]

Historie

  • Bylund, Erik: Koloniseringen av Pite Lappmark t.o.m. år 1867. (Geographica Skrifter från Uppsala Universitets Geografiska Institution; 30) Uppsala : Uppsala Universitets Geografiska Institution, 1956.[2]
  • Högberg, J.P.: «Första bebyggandet af Arvidsjaurs socken i Pite lappmark», i Land och Folk : illustrerad tidsskrift för folklifsteckningar och reseskildringar 1887, s. 65–76.[3]
  • Lundholm, Kjell: Från Storrebben till Sulitelma : natur, historia och befolkning i Pite älvdal. Luleå : Norrbottens museum, 1993. ISBN 91-85336-84-x [4]
  • Marklund, Bertil: «Från fattiglapp till lapphjon : fattigdom och utflyttning från Pite och Ume lappmarker 1650-1760 i ljuset av 1748 års ‘lappförordning’», i Bjørn-Petter Finstad ... [et al.] (red.): Stat, religion, etnisitet. Tromsø : Senter for samiske studier, cop. 1997.[5]
  • Ruong, Israel: «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite lappmark», i By og Bygd : Norsk Folkemuseums årbok 26 (1977), Oslo, 1978.
  • Wallquist, Einar; Forsberg, Allan; Lundholm, Kjell: Silvervägen : om äldre kommunikationer i Pite lappmark. [s.l.] : Norrbottens museum, [1975]. ISBN 91-85336-01-7 [6]

Kultur og folkeminne

  • Bergman, Ingela: Kulturspår i träd. (Anvarat; 1) Arjeplog : Silvermuseet, 2011. ISBN 9789186967000.
  • Granqvist, Karin: «Til hvem gir du din sjel? : fortellingen om Lars Nillsson på liv og død», i Ottar 2004/1.
    [Om trolldomsprosessen mot Lars Nillsson fra Silbojokk i Pite Lappmark.][7]
  • Grundström, Harald: Lapska sånger : texter och melodier från Svenska Lappland fonografiskt upptagna av Landsmåls- och Folkminnesarkivet i Uppsala. 1: Jonas Eriksson Steggos sånger (Skrifter utgivna genom Landsmåls- och Folkminnesarkivet i Uppsala; ser. C:2) Uppsala : Lundequistska Bokhandeln, 1958.
  • Grundström, Harald: Lapska sånger : texter och melodier från Svenska Lappland fonografiskt upptagna av Landsmåls- och Folkminnesarkivet i Uppsala. II: Sånger från Arjeplog och Arvidsjaur (Skrifter utgivna genom Landsmåls- och Folkminnesarkivet i Uppsala; ser. C:2) Uppsala : Lundequistska Bokhandeln, 1963.
  • Kolmodin, Torsten: Folktro, seder och sägner från Pite Lappmark. Stockholm : Nordiska Bokhandeln, 1914. (Lapparne och deras land; 3)[8]
  • Kolmodin, Torsten: «Noaiditradisjon i Pite lappmark», i Pollan, Brita: Noaidier, [Oslo] : De norske bokklubbene, 2002.
    [Basert på Kolmodin 1914.][9]
  • Kristensen, Camilla Høiby; Sivertsen, Gry Helen: Fortellinger fra samenes liv i Salten. Inndyr : Kunnskapssenteret i Gildeskål, 2003.[10]
  • Ruong, Israel: «Studier i lapsk kultur i Pite lappmark och angränsande områden» i Svenska landsmål och svenskt folkliv 66/67 (1943/44), nr. 242.

Kunst og handverk

  • Liedgren, Lars: Samiska byggnader och konstruktioner inom pitesamiskt område. (Anvarat; 3) Arjeplog : Silvermuseet, [2017]. ISBN 9789186967024
  • Sjølie, Randi: Byggeskikk i Lule, Pite og deler av nordsamisk område : verne- og forvaltningsplan for samiske bygninger : rapport2 fra feltarbeid 2001. [Varangerbotn] : Sametinget, 2001.[11]

Språk

  • Halász Ignácz: Lapponica, 1, Sprachtexte im schwedisch-lappischen Dialecte der Lule- und Pite-lappmark : gesammelt und zum Teil mit ungarischer Übersetzung, sowie einem lappisch-ungarisch und deutschen Glossar. Budapest : [s.n.], 1885. [Separatabdruck aus B. 19, der von der Ungar. Akademie d. w. herausgegebenen Zeitschrift “Nyelvtudományi közlemények”.][12]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből. Budapest : Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia, 1893.[13]
  • Lagercrantz, Eliel: Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog. Helsinki, 1926.[14]
  • Lagercrantz, Eliel: «Gebirgsdialekt in Arjeplog», i Eliel Lagercrantz: Synopsis des Lappischen (Oslo Etnografiske Museums skrifter 2:4), Oslo 1941, s. 311–318.
  • Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [15]
  • Qvigstad, J.: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo : Instituttet for sammenlignende kulturforskning; Aschehoug, 1938.
  • Ruong, Israel: Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. (Uppsala universitets årsskrift; 1943:10)
  • Sjaggo, Ann-Charlotte: Pitesamisk grammatik : en jämförande studie med lulesamiska. (Skriftserie / Senter for samiske studier; 20) Tromsø : Senter for samiske studier, 2015.
  • Trohaug, Kjellrunn Kr.: «Strid om samisk namn på Bodø» i Avisa Nordland, 27.10.2003[16]
  • Wilbur, Joshua Karl: A corpus-based grammar of spoken Pite Saami. Dissertation zur Erlangung des Doktorgrades der Philosophischen Fakultät der Christian-Albrechts-Universität zu Kiel. Kiel, 2013.
  • Mal:Wilbur 2014
  • Wilbur, Joshua (red.): Pitesamisk ordbok : samt stavningsregler. (Samica; 2) Freiburg : Albert-Ludwigs-Universität Freiburg, 2016. ISBN 9783981683516

Bøker på pitesamisk

  • Somby, Mary Ailonieida; Ousland, Ingrid Jangaard: Biejve näjjda. Snåasen : Gïelem nastedh, 2020. ISBN 978-82-93402-44-2
    (oms. til pitesamisk: Inger Fjällås, Peter Steggo)
  • Borg, Inga: Pluppa ja girradullve. Snåasen : Gïelem nastedh, 2021. ISBN 978-82-93402-53-4
    (oms. til pitesamisk: Inger Fjällås, Peter Steggo)
  • Marakatt, Elin; Midbjer, Anita: Lilli, ájjá ja guoksagis = Lilli, farfar och norrskenet. [Sverige]: NDIO; Mantra Lingua, 2021. ISBN 9789188701640
    (oms. til pitesamisk: Inger Fjällås, Peter Steggo)
  • Marakatt, Elin; Midbjer, Anita: Lilli, ájjá ja Sájjvoalmatja = Lilli, farfar och Saivofolket. [Sverige]: NDIO; Mantra Lingua, 2021. ISBN 9789188701763
    (oms. til pitesamisk: Inger Fjällås, Peter Steggo)
  • Tidholm, Anna-Clara: Tsábbmep uksav! Stockholm : Alfabeta, 2021. ISBN 9789150121896
    (oms. til pitesamisk: Inger Fjällås, Peter Steggo)
  • Seldon, Dyan; Blythe, Gary: Fálláj vuolle = Sválláj vuolle. Ájluokta : Báhko, 2022. ISBN 9788279432074
    (oms. til pitesamisk: Olve Utne; oms. til lulesamisk: Birgit Å. Andersen)

Ymse avisartiklar


Sjå òg

Lenkjer