Tornesamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander

Tornesamisk eller karesuandosamisk er ei samisk dialektgruppe som oftast blir rekna til nordsamisk språk. Tornesamisk er den sørvestligaste av dei nordsamiske hovuddialektane og blir snakka i deler av Finland, lengst nord i Sverige og blant markasamane i Nord-Noreg frå Ballangen kommune i Ofoten til Nordreisa kommune i Nord-Troms. Tornesamisk låg til grunn for Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Johansson Ganander.

I faktiske språktrekk ligg tornesamisk i ei mellomstilling mellom finnmarkssamisk og lulesamisk. Trekk som peiker mot lulesamisk og pitesamisk inkluderer progressiv labialassimilering i ord som dolluo ('eld'; lules./pites. dållå; sørs. dålle, umes. dålla, nords. dolla), så vel som ymse trekk i vokalsystemet. Trekk som derimot peiker mot finnmarkssamisk er samanfallet mellom akkusativ og genitiv eintal i substantiv der lulesamisk har -v i akkusativ og - i genitiv.

Trekk som varierer i ulike tornesamiske dialektar er:

  • Ein del dialektar har samanfall av inessiv og elativ i ei felles lokativform-s(t) på same måte som i finnmarkssamisk.
    Andre dialektar skil, som lule- og pitesamisk, mellom inessiv -n og elativ -s(t). Ganander nemner da òg endingane -st i ablativ (elativ) og -n/-st i lokativ (inessiv).
  • I verbsystemet har ein del dialektar av tornesamisk -n i 1. person eintal på same måte som finnmarkssamisk.
    Andre dialektar har -m på same viset som (sørlig) sørsamisk, austsamiske språk og eldre finnmarkssamisk. (Nordlig sørsamisk og sørlig umesamisk har -b; nordlig umesamisk, pitesamisk og lulesamisk har -v.) Gananders grammatikk har berre -m.